Hopp til innhold

Klubbveteran etter tapet i natt: – Vi har ikkje lov å vere skuffa

Verdssensasjonen Karsten Warholm har vunne gong på gong, men i natt heldt det ikkje for talentet frå Ulsteinvik.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

Det gjekk ikkje heilt som Karsten Warholm hadde håpt i natt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det blei ei dramatisk natt for den verdskjende 26-åringen frå Ulsteinvik. For i den åttande hekken skjedde det som både fansen og han sjølv har vore redd for, han stivna og endte dermed på ein sjuandeplass.

– Når syra slår inn så veit ein at det ikkje er nokon veg tilbake. Den forsvinn ikkje berre. Slik er det dessverre, det er ikkje noko hyggeleg. Det er den brutale sanninga, og det må vi leve med, sa ein skuffa, men fatta Karsten Warholm til NRK etter løpet i natt.

Det var tidlegare i juni at Warholm brått fekk store problem med hamstringen. Brått blei høgdepunktet for sesongen sett i fare. I fleire veker har han trent forsiktig.

Stod opp midt på natta

Det er ikkje berre Karsten Warholm som har blitt verdskjend, men også klubben der det heile eventyret starta, Dimna IL.

Ein av grunnleggjarane, Olav Hansen (78), stod opp midt på natta for å få med seg VM-finalen.

– Etter denne muskelskaden måtte ein rekne med at det kunne skje noko, og det gjorde det også. Difor meiner eg at vi ikkje har lov til å vere skuffa.

Trass i skaden var Hansen sikker på at det skulle bli ein tredjeplass på gullguten etter måndagens semifinale, men det vart altså ingen medalje denne gongen.

– Han har gitt oss mykje her i Dimna og i heile Noreg, så dette må vi berre akseptere.

Olav Hansen

Warholm-tilhengjaren Olav Hansen stilte med t-skjorte med det historiske biletet av Dimna-stjerna under løpet i natt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sikker på at han slår til på nytt

Klubbveteranen er overtydd om at Warholm er for fullt tilbake til EM i München som startar 15. august.

Hansen skal sjølv vere på plass i den tyske hovudstaden når Warholm igjen skal springe 400-meter-hekk.

Då skal fingrane vere kryssa.

– Eg trur han klarer å byggje seg opp i løpet av desse tre vekene og at han då er der.

Les også Marerittstart på sesongen for Warholm – avbrøt løpet etter skade