Hopp til innhold

KLM snur

KLM sitt fly frå Amsterdam til Ålesund har snudd. Ifølgje KLM skal dei gjere eit nytt forsøk på å reise mot Ålesund klokka 19.00 og flyet har fått ny landingstid på Vigra klokka 19.00. Innanriksflya som skal til Vigra avventar situasjonen. Flyplassen blir truleg stengd resten av dagen.

I tillegg til KLM-flyet skal Oslo-flyet til SAS etter planen lande klokka 18.20. Klokka 21.00 skal SAS-flyet frå Gran Canaria lande, og Norwegian sitt fly frå Gran Canaria er sett opp til landing klokka 23.05.

Klm snudde
Foto: Skjermdump / Flightradar24

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL