Klinikksjef får ny jobb
Klinikksjef for kvinner, barn og ungdom, Henrik Erdal, blir fagleg leiar for innføringa av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal. Det melder helseføretaket på sine nettsider.
Erdal blir og assisterande fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, der han blir ein del av leiargruppa. Han går inn i den nye stillinga frå 1.august,
Det har storma rundt Erdal i samband med samanslåinga av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Erdal blei skulda for feilinformasjon. Styret i Helse Møre og Romsdal hadde desse påstandane oppe som eiga sak, men valde å halde fast ved konklusjonen om at ei felles fødeavdeling skal lokaliserast til Molde.