Hopp til innhold

Klatrarar skal hjelpe i Eidsdal

Sunnmøre Alpine Redningsgruppe er klar til å dra til Eidsdal for å hjelpe til med å få ein tysk turist ut frå det 1453 meter høye fjellet Vardegga i Eidsdal. Mannen er uskadd.

– Mannen er knappe 40 år, og har rett og slett gått seg skorfast i fjellet. Han kjem seg verken opp eller ned, og difor må vi hjelpe han ut, seier operasjonsleiar Jon Kåre Flo hos politiet.

Den alpine redningsgruppa blir no henta i Ålesund av Sea King- helikopteret som er med i aksjonen.

– Det er skodde på toppen av Vardefjellet, og når det i tillegg er mykje stein og laust fjell i området, kan helikopteret ikkje lande i nærleiken av mannen, seier Flo. I staden vil dei så snart som råd fire ned klatrarar frå den alpine redningsgruppa, slik at dei kan løfte mannen ut av området, inn i helikopteret og ut av fjellet. Røde Kors Hjelpekorps er også på staden for kunne assistere om det blir behov, fortel Jon Kåre Flo.

Verdegga

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL