Hopp til innhold

Turist fast på Vardegga

  • Frakta ned frå fjellet

    Politiet opplyser at den tyske turisten som sat fast på fjellet Vardegga i Eidsdal, er frakta ned. Mannen skal vere kald, men i fin form. Han fekk hjelp av den alpine redningsgruppa for å ta seg ned frå det 1453 meter høge fjellet.

  • Klatrarar skal hjelpe i Eidsdal

    Sunnmøre Alpine Redningsgruppe er klar til å dra til Eidsdal for å hjelpe til med å få ein tysk turist ut frå det 1453 meter høye fjellet Vardegga i Eidsdal. Mannen er uskadd.

    – Mannen er knappe 40 år, og har rett og slett gått seg skorfast i fjellet. Han kjem seg verken opp eller ned, og difor må vi hjelpe han ut, seier operasjonsleiar Jon Kåre Flo hos politiet.

    Den alpine redningsgruppa blir no henta i Ålesund av Sea King- helikopteret som er med i aksjonen.

    – Det er skodde på toppen av Vardefjellet, og når det i tillegg er mykje stein og laust fjell i området, kan helikopteret ikkje lande i nærleiken av mannen, seier Flo. I staden vil dei så snart som råd fire ned klatrarar frå den alpine redningsgruppa, slik at dei kan løfte mannen ut av området, inn i helikopteret og ut av fjellet. Røde Kors Hjelpekorps er også på staden for kunne assistere om det blir behov, fortel Jon Kåre Flo.

    Verdegga
  • Har observert turisten

    Sea King-helikopteret som er med i redningsaksjonen for å få ned ein tysk turist som har gått seg fast på Vardegga i Eidsdal, melder at dei har observert turisten. Politiet melder at helikopteret no førebur seg på hente ut turisten. Også Røde Kors Hjelpekorps er med i aksjonen i Eidsdal.