Skal ha kjøpt naust og leasa bilar for barnehagen sine pengar

Ålesund kommune vurderer å krevje tilbake millionbeløp frå fire private barnehagar fordi dei meiner at pengane ikkje har kome ungane til gode. Åse barnehage skal ha leasa bilar og kjøpte naust.

Åse barnehage

Ålesund kommune hevdar at Åse barnehage har brote barnehagelova ved å bruke pengar på mellom anna naust og bilar.

Foto: Øyvind Sandnes

I eitt år har seks private barnehagar i Ålesund vore under gransking av kommunen etter at Utdanningsnytt og Sunnmørsposten avdekte at barnehageeigarane tar ut millionløn og utbyte. Kommunen hevdar at fire av barnehagane bryt lova. No risikerer barnehagane å måtte betale tilbake millionbeløp.

– Vi har vurdert at nokre av utgiftene som er bokført på barnehagane, ikkje samsvarar med det som er føremålet med tilskotet. Vi ser alvorleg på at fleire millionar kanskje er brukt til andre føremål enn det som var meininga, seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal i Ålesund kommune. Kommunen betalar 250 millionar i året i tilskot til private barnehagar.

Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal meiner at enkelte av utgiftene til barnehagane som er granska, ikkje samsvarer med det tilskotet skal brukast til.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kjøpte kiosk og naust

Åse barnehage skal, ifylgje tilsynesrapporten frå kommunen, ha kjøpt ein storkiosk i 2011 for over 120.000 kroner. I 2014 og 2015 skal det dessutan ha vore registrert to personbilar på barnehagen som skal vere nytta av eigar og eigarens sambuar. Barnehagen skal også ha ført opp eit naust og ei nausttomt i rekneskapen til ein verdi av 783 000 kroner.

Trollhaugen barnehage får kritikk av kommunen fordi eigaren skal ha tatt opp private lån i barnehagens investeringsselskap, og for at eigaren har ei lønn på over ein million kroner. Også Borgundveien barnehage skal ha tatt ut så høg løn og utbyte at kommunen meiner det er ulovleg.

Trollhaugen barnehage i Ålesund

Ifylgje tilsynsrapporten frå Ålesund kommune har eigaren av Trollhaugen barnehage tatt opp private lån i barnehagens investeringsselskap.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ikkje lovbrot

Barnehageeigarane vil ikkje kommentere saka. Advokat Håkon Rasmussen, som representerer tre av barnehagane, vil heller ikkje kommentere dei konkrete påstandane om naust, firmabilar og private låneopptak, men vil gjere greie for dette i eit skriv til kommunen.

– Vi er av den oppfatning av at dei aller fleste punkta vil kunne svarast ut på ein ryddig måte og er i samsvar med forsvarleg barnehagedrift, seier advokaten.

Håkon Rasmussen

Håkon Rasmussen er advokat for Trollhaugen barnehage, Borgundveien barnehage og Åse barnehage.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Rasmussen er ikkje er samd i at barnehagelova er broten, slik kommunen hevdar. Han meiner det er faktiske og rettslege forhold som kan bestridast. Barnehagane har bedt om utsett frist for å kome med sine innspel til tilsynsrapporten.

Trude Sydtangen, som er leiar for Læringsverkstedet sine barnehagar i Noreg, meiner kommunen tek feil i påstanden om unaturleg høge overføringar til morselskapet.

– Vi meiner kommunen misforstår fakta i saka. Dette er administrasjonskostnader, og vi har gjort greie for korleis dette er rekna ut, seier ho.

Sydtangen presiserer at tilsynet gjeld forhold som skjedde før dei tok over drifta av Kulur Olsvik.

Kan ende i retten

80 prosent av inntektene til dei private barnehagane i landet kjem frå offentlege tilskot. Lova seier at tilskotet og foreldrebetalinga skal kome barna til gode. Barnehagane kan ha eit rimeleg årsresultat, og det er her fleire av barnehagane får kritikk, fordi kommunen hevdar dei har tatt ut for høg løn eller utbytte.

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal seier at det Ålesund kommune no har gjort, er upløgd mark, sidan få andre kommunar har gjennomført slike tilsyn. Han innrømmer at regelverket er litt utydeleg, og har gjort det vanskeleg for kommunen.

– Eg ser ikkje bort frå at saka kan ende hos Fylkesmannen fordi partane har ulikt syn på dei skjønsmessige vurderingane. Den kan også ende i Utdanningsdirektoratet og i retten, seier Rødal.