Klar for Paralympics

Nils-Erik Ulset frå Tingvoll gjekk inn til en tredjeplass i verdscupen i tyske Oberried laurdag, melder Tidens Krav. Ulset skaut fullt hus på alle 20 skota. Han blei teken ut til den norske troppa i Paralympics tidlegare i januar. Men ei overbelastning i ryggen har gjort at Ulset har mista ein periode med trening. Søndag hadde han ein bom, og enda på sjuandeplass. Paralympics startar 9. mars.

Nils-Erik Ulset
Foto: Geir Olsen / NTB scanpix