Hopp til innhold
Nils Erik Ulset
Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Nils Erik Ulset

Oppsummert

Nils Erik Ulset er ein norsk skiskytar frå Tingvoll i Møre og Romsdal. Han er fødd 16. juli 1983. Han mar mellom anna motteke Regjeringa sin paralympiske ærespris.

  • Klare for Beijing

    Skiskyttaren Nils Erik Ulset frå Tingvoll er tatt ut til Paralympics i Beijing i Kina. Samtidig blei Ole Martin Lid frå Tomrefjord tatt ut som ledsagar for Thomas Karbøl Oxaal frå Sauda. Dette var to av dei sju utøvarane Olympiatoppen tok ut i dag, etter å ha tatt ut seks utøvarar tidlegare. Det er venta at troppen blir på omlag 15 personar.

    Nils-Erik Ulset
    Foto: Jørn Andre Lien / NRK
  • Klar for Para Nordic

    Skiskytter Nils-Erik Ulset fra Tingvoll er klar for tidenes største Para Nordic World Cup på Lillehammer. Over 230 utøvere og guider fra 22 nasjoner stiller til start når verdens beste para-utøvere innen langrenn og skiskyting starter sin verdenscupsesong torsdag 12. desember. Ulset gleder seg til å konkurrere på hjemmebane, og ikke minst få testet VM-løypene.

    Nils-Erik Ulset
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Sølv til Ulset i paraskiskyting

    Nils Erik Ulset frå Tingvoll fekk ein flott start på VM i paraskiskyting i Canada med sølv på normaldistansen. Med tre bom var han over 2.10 minutt bak vinneren franske Benjamin Daviet som var feilfri på standplass. Neste distanse for den 35 år gamle skiskytaren frå Tingvoll er sprint onsdag.

    Nils Erik Ulset
    Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK
  • Bronsen som betydde alt

    I dag hadde han siste sjanse til å sikre individuell medalje, og då slo Nils Erik Ulset frå Tingvoll endeleg til. Med bronsen i 15 kilometer skiskyting under Paralympics i Sør-Korea kunne både han og familien juble. – Det var ein veldig viktig tredjeplass. Eg trur kanskje han hadde følt at OL var litt mislykka om han ikkje hadde fått bronsen, seier far Ola Ulset som i dag skal feire sonen heime i Tingvoll.

    I dag hadde han siste sjanse til å sikre individuell medalje, og då slo Nils Erik Ulset fra Tingvoll endeleg til. Med bronsjen i 15 kilometer skiskyting under Paralympics i Sør-Korea trekker både han og familien eit letta sukk.