Kjøper fleire hundre billettar

Velferdsklubbane ved Kongsberg Maritime sine avdelingar i Hjørungavåg og i Ulsteinvik kjøper fleire hundre konsertbillettar til sine tilsette. Etter avlyste julebord og blåturar på grunn av korona vart dette måten å bruke pengane på. Festivalarrangør Hugo Antonsen i Ulsteinvik seier dette var med på å avgjere kva type artistar dei kunne hente inn til festivalar i Ulsteinvik i august. Blant artistane er Tix, Maria Mena, Hellbillies og Chris Holsten. På bildet ser vi frå venstre Line Urke (festivalarrangør), Mari Kvalsund Hansen (Kongsberg Hjørungavåg), Jan Ove Gjerde, Audun Eiksund, Aina Ulstein (alle tre ved velferdsklubben i Ulsteinvik) og festivalarrangør Hugo Antonsen.

Velferdsklubb Kongsberg Maritime
Foto: Arne Flatin / NRK