Hopp til innhold

Kjempar om seien

Om få dagar avgjer fiskeridepartementet kor mykje sei fiskarane kan hente opp av havet neste år. Men internt i fiskerinæringa greier dei ikkje å bli samde om det bør vere fritt fiske etter sei eller ikkje.

Fisketråler

Det er kamp om seikvotane framfor neste års sesong.

Foto: ARKIV / Scanpix

Striden om seifisket står mellom nord og sør. På Vestlandet ønskjer fiskarane at dei båtane skal kunne fiske fritt frå årsskiftet, medan fiskarane i nord fryktar at kvotane då er fiska opp før dei kjem i gang.

Ole Morten Sorthe

Ole Morten Sorthe er dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morten Sorthe, seier dei ønskjer fritt fiske.

–Det er veldig viktig for fiskarane på Nordvestlandet og Vestlandet elles at det er god tilgang på sei. Seifisket på Nordvestlandet er jo på mange måtar vårt «lofotfiske», seier Sorthe.

Har overfiska kvoten

I år har det blitt tatt opp 11.000 tonn meir sei enn det kvotane tilseier. Tidleg på året står seien utanfor Møre og Romsdal, og difor ønskjer mange fiskarar lenger nord i landet maksimalkvotar, slik at det ikkje blir stopp i seifisket før seien flyttar seg nordover seinare på året.

Ifølgje Fiskeribladet Fiskaren er mange fiskarar i nord svært skeptiske til fritt fiske. Sorthe forstår motviljen.

– Dei vil jo sjølvsagt ha mest mogleg fisk tilført sin landsdel, medan vi ønskjer mest mogleg til vår landsdel, slik er det nok, seier han.

Han viser til at sei er den mest dominerande arten utanfor Møre, medan torsken er viktigare i nord, og meiner difor fisket bør vere fritt frå årsskiftet.

– Dette er eit viktig fiske for oss, det er stor etterspurnad etter seien og den er godt betalt, seier Sorthe

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL