Hopp til innhold

Kjempar for stortingsmandat til KrF

– Det er svært viktig for KrF å halde stortingsplassen sin i Møre og Romsdal. Det sa partileiar Knut Arild Hareide under valkampopninga på Sunnmøre i dag.

Knut Arild Hareide på Sunnmøre

Partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, gjorde i dag eit valkampstopp på Rolls-Royce i Haram kommune. Han kryssar fingra for at KrF får behalde eit stortingsmandat i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Frå partileiardebatt i Agder i går til Sunnmøre i dag. Det er strevsamt å vere partileiar for eit parti som er står i fare for å miste mandata sine i fleire fylke.

– I natt søv eg berre i tre timar – i bilen frå Arendal til Oslo. Der var eg klokka tre i natt, så var det 07.40-flyet til Ålesund, fortel partileiar Knut Arild Hareide i KrF.

I dag opna KrF valkampen i Møre og Romsdal og snart er det vidare til neste destinasjon. Men først er det éin ting som står på agendaen:

– No gjeld det å stå på for å få Rigmor på tinget i fire nye år. Det er viktig for Møre og Romsdal og det er viktig for KrF, seier Hareide.

Håper på eitt mandat

Kristeleg Folkeparti vann det siste distriktsmandatet i Møre og Romsdal i 2009-valet. No er førstekandidaten Rigmor Andersen Eide innstilt på å kjempe for plassen.

rigmor andersen eide og knut arild hareide

Rigmor Andersen Eide er førstekandidaten til KrF i Møre og Romsdal. I dag sit på Stortinget, men det er usikkert om ho får halde fram også etter valet 9. september.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi må jobbe for det, og det skal eg desse vekene som no står til rådigheit i valkampen. Men eg trur at når folk får auga opp for – og ikkje minst gjennom Knut Arild sitt engasjement i media – så ser dei det å velje KrF er viktig slik at Møre og Romsdal representerte med oss på stortinget, seier Eide.

Vi ser i Møre og Romsdal at dei store vert samla sett kanskje større, det vert lite igjen på dei små partia. Fryktar du at det vil bli ein kamp mellom Senterpartiet og KrF?

– Det kan det nok bli. Vi har jo trakka Senterpartiet på tærne når vi har kome med vår gode landbrukspolitikk, og det er viktig i valkampen å vise kva valkampen står for. Så vår Senterpartiet for sin politikk. Men eg håpar at sentrumsløysingar vil kome den nye regjeringa til gode med Venstre og KrF, seier førstekandidaten.

– Eit viktig KrF-fylke

Ifølgje Hareide er Møre og Romsdal eit utruleg viktig KrF-fylke.

– Vi har Rigmor som har gjort ein veldig god jobb. Hennar viktigaste valkamp har vore hennar innsats for fylket dei siste fire åra. Her har ho løfta opp ulike vegprosjekt, sett den næringsutviklinga som er, seier Hareide.

– Dessutan trur eg mange her i fylket er opptekne av vår kristne kulturarv. Det å få ei regjering som løftar opp kristendomens kulturarv for einskildmennesket og samfunnet som heilskap, legg han til.

Kristendomen har vore ein viktig motkultur på Sunnmøre. Er han framleis sterk eller er han i fall?

–Eg trur framleis han står sterkt. Eg trur han står like sterkt som på 70-talet. Det er kanskje ikkje eg den rette til å seie, for då vart eg fødd, legg partileiaren til latterfylt.

– Må synleggjere politikken

Partileiaren seier den største utfordringa vil bli å få synleggjort den politikken som vert ført.

– Mange folk har gått ut med KrF som sitt parti i valgomatar, men dei har ikkje fått med seg all vår gode politikk for familien og menneskeverdet i byrjinga og slutten av livet, seier Hareide.

Sjølv med få timar med nattesøvn er Hareide klar for nye fem veker med hardkøyr fram til valet.

– I valkampen tek naturleg Jens og Erna stor plass, så er det å kome igjennom, men det er berre hardt arbeid som er oppskrifta på det, avsluttar Hareide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL