Kirurgen som har helgevakt i Volda får berre lov til å behandle pasientar som er innlagt på sjukehuset før fredag ettermiddag. Dette trass i at det både er kirurg og fullt operasjonsteam på jobb.
Stor omveg
– Totalt meiningslaust og ei stor belastning for pasientane, seier Ottar Grimstad som er kommuneoverlege i Hareid og tidlegare leiar for legeforeininga i Møre og Romsdal.
– Vi synest det er veldig vanskeleg å forstå. Det er ei ordning som skapar stor ulempe for dei pasientane det gjeld og for dei legane i legevakta som skal handtere dette, legg han til.
For tre år sidan vart den såkalla blautdelskirurgien i Volda redusert til berre å tilby tenester på vekedagane. Men på grunn av stort behov for kirurgisk hjelp i helgene til dei pasientane som allereie var innlagt, vart det innført helgevakt. Desse kirurgane tek i hovudsak seg av magesmerter, blindtarmoperasjonar, større sårskadar og i enkelte tilfelle lette hovudskadar.
Men etter fredag ettermiddag og fram til måndag morgon får dei ikkje lov til å hjelpe pasientar som blir sjuke på Søre Sunnmøre.
– Dei nettene det ikkje blir teke imot blautdelskirurgiske pasientar i Volda, så sit det ein lege i Volda og tek imot førespurnader frå pasientar på Ytre Søre Sunnmøre. Legen kvir seg då for å la pasientane reise heilt inn til Volda for å bli undersøkt, før dei eventuelt blir sendt vidare til Ålesund. Det gir nemleg ein omveg på meir enn to timar, forklarar Grimstad.
– Uforståeleg
Ordførar i Volda, Arild Iversen (KrF), reagerer sterkt på at pasientane ikkje kirurgiske får kome til legane som likevel er på jobb ved sjukehuset.
– For meg er det uforståeleg at ein kirurg på vakt ikkje skal få lov til å arbeide ut frå dei kvalifikasjonane han eller ho har. Dette er ei ordning som helseføretaket snarleg bør rette opp i, slik at ein likevel kan behandle pasientar når ein er på vakt i helgene.
– Kva vil de gjere i saka?
– Vi har følgt med frå sidelinja. Dette er utgangspunktet noko helseføretaket bør ordne opp i sjølv. Men det ser ikkje ut for at helseføretaket er i stand til å bruke eit godt skjønn i denne saka. Då er det naturleg at vi som ombodsmenn og ansvarlege for innbyggjarane også ber nasjonale myndigheiter om å vurdere situasjonen.
Reduserer tilbodet
Iversen ser på vedtaket til helseføretaket som eit nytt forsøk på å redusere tilbodet ved sjukehuset.
– Seinast såg vi det hausten 2013 då det var forslag om å leggje ned akuttkirurgisk verksemd i Volda. Det vart stoppa av statsråd Høie fordi det vart grunngitt økonomiske forhold. Så ser eg no at dei argumenterer for at pasienttilbodet ikkje er godt nok eller sikkert nok. Ein endrar altså argumentasjonen, og vi synest ikkje dette er godt nok argumentert.
- Les også:
– Vi trur rett og slett ikkje på det. Vi festar lit til dei fagpersonane som er på sjukehuset og som seier at dei kan like gjerne kan operere når dei er på vakt, legg han til.
– Det er vedteke
Fagsjef i Helse Møre og Romsdal, Odd Veddeng, seier at styret i helseføretaket har vedteke at ein berre skal ha heimevakt i helgene som brukast på allereie innlagde pasientar.
– Vedtaket vart gjort fordi det er for lite ressursar og for få legar til å halde oppe beredskapen heile veka. Det vert derfor gjort slik at ein deler på vaktberedskapen, slik at det vert meir overkommeleg, seier han.
Ifølgje Veddeng er det ikkje snakk om å reetablere beredskapen før helseføretaket har fått gjort ein skikkeleg gjennomgang av utviklingsplanen.
– Men når ein først betalar ein lege i helga for å ha vakt, kan han ikkje då ta imot nye pasientar?
Nei, då etablerer ein noko nytt igjen – ein ny type beredskap. Vi ønskjer ikkje å flytte desse ordningane fram og tilbake for mange gangar. Vi vil ha sikkerheit for framtida for korleis dette eigentleg skal organiserast.
– Ei forsvarleg ordning
Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, seier vedtaket dels vart gjort på grunn av sentrale retningslinjer om å redusere vaktene og få behandling over frå natt- til dagtid. Han meiner likefullt at ordninga er forsvarleg.
– No er eg ikkje fagmann, så eg skal ikkje gje meg utpå nokon dialog med fastlegane. Men vi har evaluert ordninga med våre fagfolk og funne at ho er forsvarleg, seier han.
Også Kvalshaug viser utviklingsplanen til Helse Møre og Romsdal som skal ut på høyring i forkant av sommarferien.
– Der vil alle ha moglegheit til å kome med innspel og eg vil iallfall ta med dei signala som kjem frå legane også i det arbeidet, seier han.