Førre veke tømte kinesiske turistar apoteka i Tromsø for munnbind. Etterspørselen har blitt stor i Kina etter utbrotet av koronaviruset.
Norengros er Noregs største leverandør av forbruksvarer til privat og offentleg sektor. Dei opplever no pågang på å få kjøpe tilbake munnbind som det står «Made In China» på.
Dei har fått fleire førespurnader via norske selskap, som har bede om hjelp til å skaffe varer det er mangel på i Kina.
– Vi blei veldig overraska. Dei var på jakt etter ansiktsvern, maske, munnbind og eingongsklede, seier Tore Bigseth, sals- og marknadsdirektør i selskapet.
Bigseth har forstått det slik at det er kinesiske styresmakter som forsøker å skaffe forbruksmateriell gjennom private aktørar.
Prioriterer norske kundar
Førebels har kinesarane fått nei. Grossisten har ikkje eit stor nok volum, og vel å prioritere dei norske kundane dei har forplikta seg til.
– Kinesarane er truleg litt rådville når dei tek kontakt med oss. Å få sendt desse varene tilbake til Kina er sikkert ikkje førstevalet deira, seier Bigseth, men legg til at dei gjerne skulle ha hjelpt om dei kunne.
- Les også:
Mediq Norge er leverandør av medisinsk forbruksmateriell til fleire hundre kundar som sjukehus, institusjonar, legekontor og apotek over heile landet. Dei merkar også at mange i Noreg vil sikre seg lager av munnbind no.
– Det er ei markant auke, og vi prioriterer våre faste kundar. Foreløpig klarer vi å levere, men utfordringa no, som gjeld oss og mange andre, er at ulike hamner i Kina blir stengde. Så dersom dette held fram i fleire månader, vil vi bli tomme for munnbind, seier administrerande direktør Trond Dahl Hansen i Mediq Norge.
Helsedirektoratet kartlegg i desse dagar kor store lager det er av smittevernutstyr i helsetenesta og hos leverandørane. Deira vurdering er at det per i dag ikkje er umiddelbar fare for å gå tom.
– Ingen praktisk verdi
Folkehelseinstituttet rår ikkje friske folk til å bruke munnbind for å unngå smitte, utanfor helsetenesta.
Det meiner tvert imot at feil bruk av munnbind kan gje auka risiko for at ein blir sjuk.
– Dersom ein tenkjer at munnbind skal beskytte mot at ein blir smitta av det nye koronaviruset, tek ein feil. Det meiner pensjonert yrkeshygienikar Sigmund Rødal.
– Det er nyttelaust. Det er like effektivt som å filtrere strøsukker med fiskegarn, seier Rødal.
Ifølgje han har munnbind aldri hatt status som godkjent andedrettsvern, men er meint til å hindre at dropesmitte blir spreidd. Rødal fryktar at det gir folk ein falsk tryggleik.
– Dei siste åra er det vanleg i tettbefolka område i Austen at ein går med munnbind på gata, men verdien er, om ein seier det veldig mildt, tvilsamt. Det har ingen praktisk verdi, hevdar han.