
Frøydis Austigard (Foto: NRK)
Det er fylkeskulturutvalet som har vedtatt dette med seks mot fire røyster. Utvalsleiar Frøydis Austigard frå Venstre seier det var ei vanskeleg men nødvendig avgjerd.
– For å ha eit landbruksmuseum så måtte vi gjere noko, seier Austigard.
– Maktdemonstrasjon
Fire av politikarane i fylkeskulturutvalet var ikkje samde med fleirtalet. Ein av dei er Asbjørn Rutgerson frå Sunnmørslista.

Asbjørn Rutgerson (Foto: NRK)
– Det var ein rein maktdemonstrasjon av dei folka som har regjert i dette løpet heile tida, dei som aldri har villa gitt Landbruksmuseet ein reell sjanse, seier Rutgerson.
Tre år lang strid
Striden mellom Landbruksmuseet og Romsdalsmuseet har pågått i tre år. Bakgrunnen er Stortinget sitt vedtak om ei museumsreform, der strategien er å samle fleire museum under eit forankringsmuseum. For Romsdal sin del er dette Romsdalsmuseet, men Romsdalsmuseet og Landbruksmuseet har ikkje klart å kome fram til ei organisering begge kan vere samde i.
– Betyr nedlegging
No vil altså fleirtalet i kulturutvalet kaste stiftinga ut av bygningane på Gjermundnes, og starte nytt museum saman med Romsdalsmuseet. Men styreleiar Guttorm Kjelsvik i stiftinga for Landbruksmuseet meiner fylkeskulturutvalet i praksis legg ned museet.

Guttorm Kjelsvik (Foto: NRK)
– Når dei ikkje greier å tvinge oss inn i dette såkalla fellesskapet, så skal dei no slakte oss i realiteten, seier Kjelsvik.
Utan gjenstandar?
Kjelsvik håpar vedtaket om at dei må ut frå bygningane på Gjermundnes blir gjort om når fylkesutvalet behandlar saka. Han tvilar dessutan på at dei som har gitt gjenstandar til Landbruksmuseet vil la eit nytt museum overta dei.