Etter den såkalla konsolideringsavtalen med Romsdalsmuseet har Landbruksmuseet på Gjermundnes fått utbetalt fylkestilskotet på 300 000 kroner som vart halde tilbake medan striden mellom musea pågjekk. Det har ikkje fått utbetalt statstilskotet, som er om lag like stort.
Styreleiar Guttorm Kjelsvik meiner dette er eit brot på vilkåra for avtalen.
Strategiarbeid
- Ordninga er slik at statstilskotet går til hovudmusea, seier fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik. - Det har heile tida vore meininga at Landbruksmuseet skal ha pengane, men først må ein bli ferdig med det strategiarbeidet som er i gang, slik at det er klart kva pengane skal brukast til. Det blir nemleg forlangt, seier Guttelvik.