Kåra til beste vertskapskommune

Haram kommune er kåra til Noregs beste vertskapskommune for næringslivet. Kåringa skjedde under Kommunalpolitisk Toppmøte i Oslo i dag. I grunngjevinga heiter det mellom anna at kommunen har jobba offensivt, systematisk og målretta med næringsutvikling gjennom 25 år, og trekt næringslivet inn i kommunens strategiarbeid heilt sidan 90-talet. – Dette har resultert i ein modell for samarbeid mellom kommunen, utdanningsaktørar og næringslivet som har resultert i så stor tillit at samarbeidet har overlevd skiftande konjunkturar og aukande internasjonalt eigarskap i det lokale næringslivet, står det vidare. Ordførar Vebjørn Krogsæter, rådmann Turid Hanken og dagleg leiar i Haram Næring og Innovasjonsforum Henrik Dalelid Vedde var til stades under utdelinga.

Vebjørn Krogsæter
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK