Hopp til innhold

Kansellerer fly frå Møre og Romsdal

Titusener av flypassasjerar kan bli råka av ein eventuell storstreik blant flygarane i SAS fredag. Frå Ålesund lufthamn Vigra er tre avgangar allereie innstilte, ifølgje heimesidene til Avinor: Til Trondheim kl. 08.30, Oslo 09.15 og Bergen 11.15. Frå Kvernberget i Kristiansund er 09.25-flyet til Oslo innstilt. SAS melder at dei kansellerer 205 avgangar for å beskytte reisande og tilsette.

Ålesund lufthavn Vigra
Foto: Tore Ellingseter / NRK