Hopp til innhold

Kan tilby fleire landstraum

Hamnene i Molde, Kristiansund og Ålesund tilbyr no alle lågspent landstraum til mindre og mellomstore skip. Men landstraum til cruiseskip ligg fleire år fram i tid, seier hamnedirektør i Molde og Romsdal hamn IKS, Olav Akselvoll. Kristiansund får fire landstraumpunkt ved Storkaia før jul – kvar på 250 kilowatt. I Ålesund blei det nye oppgraderte landstrømanlegget for skip på Stornespiren tatt i bruk for berre få dagar sidan, og det kan gje straum til inntil åtte skip samstundes. I Molde har dei i alt 27 landstraumpunkt langs kaiane med inntil 100 kilowatt og det rekk til dei fleste skip som trafikkerer hamna.

Geo Barents får landstrøm på Stornespiren
Foto: Roar Strøm