Hopp til innhold

Dette kan bli verdas lengste elbil-strekning

På «Green Highway» skal du kunne køyre miljøvenleg over lange strekningar. Alt no er pilgrimsvegen mellom Sundsvall og Trondheim fått status som «Green Highway». No kan vegen bli forlenga til Kristiansund.

Green Highway Sundsvall - Kristiansund

El-bilane treng å bli ladda med jamne mellomrom. Alt no er det stasjonar på strekninga Sundsvall og Trondheim. Dette kan bli forlenga til Kristiansund.

Foto: Montasje / NRK

Green Highway er eit prosjekt for å skape ein grøn transportkorridor, med laddestasjonar for el-bilar langs heile vegen. Sundsvall, Östersund og Trondheim samarbeider for å utvikle infrastruktur som kan gjere det mogleg å bruke el-bil over lengre strekningar.

Kva meiner du? Er vi modne for ein overgang til el-bil? Skriv di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

– Eg ser ingen grunn til at denne vegen frå Sundsvall skal stoppe i Trondheim. Denne satsinga kan forlengast til Kristiansund, seier dagleg leiar i Profero, Gisle Bakkeli.

Profero er eit selskap som driv utvikling og nyskaping, i samarbeid med offentlege og private aktørar på Nordmøre.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Fleire må vere med

På strekninga mellom Trondheim og Sundsvall er det i dag ladestasjonar langs heile vegen. Bakkeli seier det ville vere uproblematisk å forlenge strekninga til Kristiansund.

– Der er ei satsing nasjonalt og internasjonalt for å nå klimamåla. Då er det ikkje nok med berre eit renseanlegg på Mongstad. Då må fleire vere med i eit løft. På sikt må vi køyre andre typar bilar enn i dag, seier Bakkeli.

– Samarbeid må til

Green Highway kan etablerast raskt i nye område om aktørane kjem på banen, seier Bakkeli. Han peikar på fleire partar som bør inngå i samarbeid.

– Kommunane må samarbeide om dette. Næringslivet må også vere med og kraftselskapa må sjå at dette er mogleg å få til. Då kan strekninga utviklast til å bli ei miljømessig fin strekning å køyre, seier Bakkeli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL