Hopp til innhold

Ladestasjonar for el-bilar gror opp

Det skal bli meir attraktivt å køyre el-bil.
Nordmøre Energiverk har opna sju ladepunkt for slike bilar på Nordmøre.

Video Nye ladestasjonar for El-bil

I Kristiansund er det no opna tre nye ladestasjonar for el-bilar.

I Kristiansund har energileverandøren NEAS opna tre stasjonar for lading av el-bilar. Kommunesentra i Aure, Smøla Tingvoll og Averøy står for tur.

Asbjørn Heggem

Asbjørn Heggem har køyrt el-bil i to år

Foto: Roar Halten / NRK

Asbjørn Heggem har hatt el-bil i to år. Han bur på Halsa og ser store fordelar med dei nye ladepunkta.

- Eg køyrer omkring på heile Nordmøre og greier meg stort sett utan mellomlading. Men skal eg til dømes heilt til Smøla så kan det vere greit å kunne lade opp litt. Ved overnatting i byen er det i alle høve greit å kunne lade opp.

Ole Henrik Hannisdahl

Ole Henrik Hannisdahl er prosjektleiar i Grønn Bil

Foto: Roar Halten / NRK

Ole Henrik Hannisdahl er prosjektleiar for Grønn Bil. Han understrekar at det no er sett igang ei teknologiutvikling som blir ein realitet i større og større grad.

- Ladestasjonar for el-biler er det samme som bensinstasjon for vanlege bilar. Det tek rettnok litt lenger tid å fylle straum enn å fylle bensin, men det er godt å vite at du kan fylle straum når du har bruk for det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL