Hopp til innhold

Kan få erstatning for overgrep

Tidlegare institusjonsbarn i Møre og Romsdal som er blitt utsette for overgrep, kan no få erstatning. Fylkeskommunen har allereie blitt kontakta av fleire som vil søkje om oppreisning.

Sunnmøre Barneheim

OVERGREP: Barn som budde på Sunnmøre Barneheim i Ørsta har tidlegare kravd erstatning for overgrep. No kan folk over store deler av fylket gjere det same.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Tretti av kommunane i fylket er med på ei ordning der ein kan søkje og få erstatning på inntil 400 000 kroner.

– Dei eg har snakka med er ute etter oppreisning og ønskjer å rette merksemda mot overgrepa dei hevdar dei har blitt utsette for, seier Åge Brekk, som er ansvarleg for erstatningsordninga i fylkeskommunen.

Ikkje økonomisk kompensasjon

Erstatningsordninga gjeld for barn som var plasserte i barneheim eller spesialskule før 1993. Men ordninga skal ikkje vere ei erstatning for eventuelle økonomiske tap barna kan ha fått på grunn av overgrepa.

– Dette dreier seg om handlingane desse menneska seier dei er utsette for. Det er snakk om ei ansvarstaking og unnskyldning frå samfunnet si side, som blir følgt opp med ein pengesum, seier Brekk.

Er det ikkje krevjande å skulle fastsetje ein pengesum på eit overgrep?

– Det blir eit regelverk som oppreisingsutvalet må bruke i kvar enkelt sak, fortel Brekk.

I dette utvalet skal ein jurist, ein politikar og ein psykolog saman vurdere søknadene som kjem inn.

Kommunane Kristiansund, Rauma, Eide, Aure, Midsund og Stranda deltek ikkje i ordninga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL