Hopp til innhold

Gler seg over budsjettlekkasje

Forkjemparane for den så kalla Eksportvegen gler seg over lekkasjane frå statsbudsjettet.

Roald Fiksdal

Roald Fiksdal er styreleiar i Eksportvegen A/S, og gler seg over lekkasjane frå statsbudsjettet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fire mista livet

Fire ungdommar vart brutalt rivne vekk i februar 2006.

Foto: Arkiv / NRK
Arild Hartviksen.

Arild Hartviksen er letta over at ei trafikkfelle no kan bli borte.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Tresfjorden mellom Vestnes og Vikebukt

Brua over Tresfjorden kan stå klar i 2014.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Regjeringa løyver over ein milliard kroner til rassikring neste år. Dermed oppfyller regjeringa målet i Nasjonal Transportplan og vel så det.

Pengane gjer at planane om bru over Tresfjorden og rassikring mellom Våge og Måndalen er i rute.

Håp om tryggare veg

På den rasfarlege strekninga på E136 i Rauma passerer fleire hundre storbilar kvart døgn.

I løpet av dei siste 30 åra har vegen krevd i gjennomsnitt eitt menneskeliv kvart år.

I februar 2006 mista fire ungdommar mellom 16 og 18 år livet i ei av dei verste ulykkene på vegen.

– Det er vemodig å tenke på at ei sånn ulykke må til for at offentlegheita vaknar og løyver pengar. Men samtidig er eg letta og glad for at vi no får vekk ei trafikkfelle, seier Arild Hartviksen, som mista dottera si i trafikkulykka.

Håp

Dei som har kjempa for tryggare veg, har med dagens lekkasjar frå statsbudsjettet, endeleg håp om å få realisert arbeidet.

– Enkelte har kjempa i fleire tiår for å få det til. Personleg starta eg å engasjere meg etter at eg vart pårørande, seier Hartviksen.

Brua kan bli ferdig fort

Planane for den såkalla Eksportvegen innebærer at tunnellen mellom Våge og Måndalen skal være ferdig i 2013. Med pengar over statsbudsjettet no, kan bru over Tresfjorden mellom Vestnes og Vikebukt vere ferdig ved utgangen av 2014.

– Dersom dette er tilfelle, så er det ei stor glede for oss. Då blir det som vi hadde planlagt, seier Roald Fiksdal, styreleiar, Eksportvegen A/S.

– No ventar vi spent på tysdagen når statsbudjsettet blir lagt fram, seier han.

Video PENGAR TIL E136

Sjå TV-innslag

Ikkje imponert

Leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve (FRP), er ikkje imponert over løyvingane.

Video OPPTAK-SVE-300910-MR-102116-SI_MR.mp4

Leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve (FRP), er ikkje imponert over løyvingane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL