Hopp til innhold

Trappar opp for Tresfjordbrua

Arbeidet med Tresfjordbrua og Vågetunnelen vert trappa opp.

Tresfjordbrua

Arbeidet med Tresfjordbrua og Vågetunnelen vert trappa opp for å få ei realisering (ILLUSTRASJON).

Foto: Tresfjordbrua AS

Frå 1.oktober har Statens vegvesen tilsett ein byggeleiar, og det utan at prosjektet har fått ei krone over statsbudsjettet.

Trur på neste halvår

Men prosjektleiar Halgeir Brudeseth tek sikte på at prosjektet blir vedteke i Stortinget i løpet av det næraste halvåret.

– Vi er nærmast hundre prosent sikre på at vi får gå i gang med bygginga i løpet av neste år, så vi er sikre på at vi ikkje tek nokre store risikoar her, seier Brudeseth.

– Det er politisk enighet om at dette prosjektet har høgaste prioritet her i fylket, legg han til.

Halgeir Brudeseth

Halgeir Brudeseth er prosjektleiar for arbeidet med Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fleire undersøkingar må til

Etter å ha gjennomført omfattande grunnboringar, er det no klart for miljøundersøking frå Norsk institutt for vannforskning og eit fundamenteringsselskap vil sjå kva peletype det er aktuelt å bruke i bruarbeidet. Sjølv om pengane ikkje er på plass, forventar prosjektleiaren oppstart av tunnelarbeidet på ettersommaren 2011 og trur på tunnelopning mot slutten av 2013, og bruopning sommaren 2014.

– No har vi heldt på i heile år og førebudd arbeidet. Vi er godt i gang, så neste år skal vi vere klare til å starte på ettersommaren. Ved eit så stort prosjekt må ein starte minst eit år med undersøkingar før ein set spada i jorda for første gong. Dette for å forsikre seg om at prosjekteringsarbeidet er gjort skikkeleg og få gjort alle undersøkingar, påpeikar Halgeir Brudeseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL