I Ørsta er det heile seks kandidatar, medan ordførarvalet i Norddal blir avlyst dersom ikkje fleire kandidatar melder seg.
Ordførarambisjonane ser ut til å vere store, for ein ringerunde NRK har utført viser at heile 20 personar har meldt seg som kandidatar i dei fem kommunane.
Kamp i Ørsta
Ørsta kommune gjennomfører direkteval for første gong, og seks vil bli ordførar.
Jan Magne Dahle frå SV vil bli ordførar.
Dei som stiller er Petter Bjørdal, Arbeidarpartiet, Ole Petter Saure, Senterpartiet, Jan Magne Dahle, SV, Guttorm Sætre, Høgre, Kirsti Dale frå Venstre, og Hans Olav Myklebust, Framstegspartiet.
Roald Fiksdal vil fortsette som ordførar.
Fire i Vestnes
I Vestnes blir Arbeidarparti-ordførar Roald Fiksdal utfordra av Jan Rune Jakobsen frå Høgre og Knut Flølo, Framstegspartiet.
I dag har Karsten Gjerde frå Kristeleg Folkeparti meldt seg som fjerde kandidat.
Dermed blir det like mange å velje mellom i Vestnes som ved valet i 1999.
KrF stiller ikkje
I Molde er det fire kandidatar. KrF, som har ordføraren i dag, stiller ikkje kandidat, og dermed blir dette ein kamp mellom Jan Petter Hammerø, Høgre, Thorbjørn Myhre, Arbeidarpartiet, Harald Valved, Framstegspartiet og Kjersti Løge, Senterpartiet.
Fem parti i Gjemnes
Odd Steinar Bjerkeset stiller til attval.
I Gjemnes stiller fem parti liste, - alle med eigen ordførarkandidat.
Odd Steinar Bjerkeset stiller til attval for KrF. For Senterpartiet stiller varaordførar Ola Bjarte Orset.
Dei andre er Jan Karstein Schjølberg frå Arbeidarpartiet, Leif Ståle Engdahl frå Høgre og Olav Sæter frå SV.
Kan bli avlyst
I Norddal er situasjonen ein heilt annan. Her er det så langt berre dagens ordførar, Arne Sandnes, som har meldt seg.
Arne Sandnes er den einaste som har meldt seg i Norddal.
Dersom Senterpartiet blir einaste parti med kandidat, blir det direkte ordførarvalet avlyst i kommunen.
Fristen for å melde inn kandidatar går ut over helga.