Frå arbeid med nye Loftesnesbrui
Foto: Statens vegvesen

K.A. Aurstad

Oppsummert

Entreprenørselskapet K.A Aurstad i Ørsta begjærte seg selv konkurs i Søre Sunnmøre tingrett i desember. Selskapet var det største maskinentreprenørselskapet mellom Bergen og Trondheim og hadde ved konkursen 212 ansatte.

  • Aurstad startar opp igjen

    Det har kome i gang ny drift hos entreprenøren Aurstad. i Ørsta. Gjennom selskapet Aurstad Tunnel AS er fleire anleggsarbeid i gang, og mellom 60 og 70 personar er tilsette i dette selskapet. I desember i fjor gjekk K A Aurstad gjekk konkurs, og 212 tilsette miste arbeidet. – Vi har stor tru på at vi skal verte eit konkurransedyktig selskap, og vere med på kontraktane som kjem i marknaden, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg hos Aurstad til Møre-Nytt (krev innlogging).

  • Stopp på Klubben

    K.A. Aurstad får ikkje driftskonsesjon for det noverande massetaket i Klubben i Ørsta. Dette på grunn av konkursen i selskapet. Det vart søkt om ein slik konsesjon i 2014 for å kunne ta ut meir massar enn det den opphavlege konsesjonen sa. – Det er ikkje pengar i buet til å stelle til massetaket på Klubben, fortel bustyrar for konkursbuet til avisa Møre-Nytt (krev innlogging).

  • – Må søke etter jobb andre stadar

    Dei over 100 personane på Søre Sunnmøre om er råka av konkursen i K.A. Aurstad i Ørsta kan ha gode sjansar til å få seg nye jobba dersom dei er villig til å sjå utover kommune- og fylkesgrensene. Det meiner Eli Grøtta, leiar i Nav Ørsta/Volda. Entreprenørselskapet gjekk konkurs i starten av desember og i overkant av 200 tilsette mista jobben. – Dette er ein arbeidsstokk som har vore vande til å jobbe over heile landet og bu vekke. Det er ei styrke. Det er ein tøff og dramatisk situasjon, men vi håper og trur at dei fleste av dei skal kome seg brukbart gjennom dette, seier Grøtta. Nav har følgt konkursen tett og hatt fellesmøte og individuell oppfølging av dei tilsette. Konkursen er ein av dei største som kontoret har jobba med, og det blei kalla inn beredskapsgrupper på tvers av Søre Sunnmøre for å jobbe med saka. – Det er ein konkurs som rammar veldig mange og får fleire konsekvensar. I tillegg til å miste jobben er det også det kollegiale og rutinane. Men mange ser allereie ut til å kunne orientere seg mot nye arbeidsgivarar, noko som er positivt, seier Grøtta.

  • Har 188 millionar i gjeld

    K.A. Aurstad, som i går sa seg konkurs, har 188 millionar kroner i gjeld. 10. januar blir det skiftesamling Søre Sunnmøre tingrett. Dette er også fristen for kreditorar og underleverandørar, til å melde inn krav, skriv Sunnmørsposten. Men bustyraren til firmaet seier til avisa at kreditorane truleg vil gå med tap. Aurstad-konsernet består av fleire selskap der K.A. Aurstad er det klart største. Dei andre selskapa er ikkje konkurs.

    Frå arbeid med nye Loftesnesbrui
    Foto: Statens vegvesen
  • – Tragisk og trist

    Stein Aam, ordførar i Ørsta, seier at konkursen i selskapet K.A. Aurstad, som har base i Ørsta, både er tragisk og trist. – Aurstad har vore er hjørnesteinsbedrift i området, så dette er ei forferdeleg trist sak. Konkursen kan ramme over 100 her i nærområdet, og det er mykje sett med Søre Sunnmøre sine auge, seier Aam. Ordføraren håper likevel at det vil vere mogleg å halde fram med enkelte prosjekt, trass i konkursen. – Men at det blir ei redusering det er heilt klart, seier han.

    Stein Aam
    Foto: Einar Orten Trovåg / NRK