Hopp til innhold

Får truleg rentefrie lån

Nordøyvegen har svært gode sjansar for snarleg oppstart etter at ordninga med rentekompensasjon no skal gjelde for store bompengeprosjekt.

Kart, Haramsøya
Foto: NRK

Det seier statssekretær i samferdselsdepartementet, Hege Solbakken.

Vegen skal binde Sandøy og øyane i Haram til fastlandet.

Regjeringa tar sikte på å sette i gang prosjektet.

- Med ferjeavløysingsmidlane som vi har lagt opp til ei endring av og rentekompensasjonsmidlar, så legg vi opp til at Nordøyvegen skal få oppstartsmidlar frå rentekompesasjonsordninga i første del av NTP-perioden.

Ho seier at prosjektet og fylket må vere med å avklare meir nøyaktig når ein kan ta det første spataket.

- Med den nye rentekompensasjonsordninga som blir presentert om kort tid gir eit stort handlingsrom, seier Solbakken.

Nordøyvegen er blant dei første prosjekta som har søkt på denne ordninga.

- For store prosjekt er ferjeavløysingsordninga og rentekompensasjonsordninga heilt avgjerande, meiner Solbakken.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL