Hopp til innhold

Kommunen er delt i to etter jordras: – Har gjort avtale med pårørande

Eit jordras deler Sunndal kommune i to. Det betyr at helsesjukepleia ikkje kjem seg til alle pasientane.

Ras mellom Gjøra og Grøa

Steinar og lausmasse ligg i vegbanen i Sunndal. Raset er rundt 40 meter breitt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Styrtregn gjorde at det gjekk skred på tre-fire plassar mellom Gjøra og Grøa, nær fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Trøndelag måndag ettermiddag. Vegen blei stengt og opnar ikkje med det første.

Det ligg mengder med lausmassar og steinar i vegbanen, og oppryddingsarbeidet kjem til å ta tid.

– Geologen må gjere sine vurderingar og så må vi saman finne ut korleis vi skal starte oppryddinga, seier Joakim Albrigtsen, som er byggeleiar i Statens vegvesen.

Det er lite truleg at vegen kan opne før tidlegast på onsdag. Det er også store skader på vegkroppen, som tar tid å utbetre. Det er først når rasmassene er rydda bort ein ser skadeomfanget på vegen.

Joakim Albrigtsen ved stengt veg i Sunndal

Joakim Albrigtsen seier at geologen først må vurdere rasfaren før oppryddingsarbeidet kan starte.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ber pårørande om hjelp

For dei som bur i området betyr det at kommunen er delt i to. Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap) seier at det viktigaste er at folk som treng helsetenester på begge sider av raset får hjelp. Kommunen har eigne prosedyrar som dei fylgjer.

– Vi har gjort avtale med pårørande slik at folk får ettersyn, seier Refstie. Det er også gjort eigne avtalar for dei som har tryggleiksalarmar.

Kommunen har opplevd stengde vegar fleire gongar tidlegare og då spesielt etter snøras.

Vegstenginga skaper også problem for alle som brukar vegen til og frå arbeid.

– Det er aldri spesielt artig eller enkelt når ein kommune blir delt i to, seier Refstie. Han håper at vegen opnar raskt.

Det har vore ein lang periode med tørt ver i Sunndal, før det i ettermiddag kom styrtregn.

Ras stenger vegen mellom Gjøra og Grøa i Sunndal

Slik ser området ut filma med drone.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ingen skadd

Det var ingen bilar som var direkte ramma av skreda, men det var bilar mellom skreda.

– Det skal ikkje vere skade verken på folk eller bilar, seier operasjonsleiar Finn Harald Salskår ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Det første skredet blei varsla like etter klokka 15 og like etterpå gjekk det to nye skred i same område.

Vegen er svært trafikkert og mange turistar snudde etter å ha stått i kø lenge.

Alternativ omkøyring er via E39 Orkanger-Molde eller E136 gjennom Romsdalen.

Det har gått jordras på riksveg 70 mellom Gjøra og Grøa

Det har vore styrtregn i området, som førte til fleire jordskred.

Foto: Terje Romfo
Vegen mellom Grøa og Gjøra er stengt etter ras

Vegen blir stengt på ubestemt tid. Stengepunkta er mellom Falebrua og Romfobrua.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Raset har gått på riksveg 70 mellom Gjøra og Grøa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL