Hopp til innhold

Sjå, det spirar likevel!

I februar såg alt beinfrose og mørkt ut. Men vårsola har lokka liv i fleire jordbærplanter, og produsentane i Valldal har no fått igjen håpet.

Jordbærplante

HÅP: Grøne jordbærplanter gir håp om at dei raude søte frå Valldal skal dukke opp også i år.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Søt jordbær frå Valldal. Smak av sommar, sol og sødme.

Jordbær.

KJEM TILBAKE: Det er fornya håp om at desse kjem tilbake i år også.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Frykta sesongen var spolert

Bæra frå bygda i Norddal er kjent for å vere av fremste klasse. Men den kalde, tørre vinteren førte til frykt for at heile sesongen var spolert.

Les: Sesongen i fare for Noregs største jordbærprodusent

Jordbær i februar

LITE HÅP: Barfrost og lite håp om liv. Slik såg situasjonen ut i Valldal i februar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men no ser det altså lysare ut igjen. Sjølv om bæra nok både kjem seinare og er færre enn tidlegare, kan jordbærelskarane får kjøpt dei søte raude i løpet av sommaren.

– Det lettar når eg ser at det er i ferd med å bli grønt nokre stadar. Vi har vinterskadar, det er ikkje tvil om det. Men vi ser no at det blir grønt i ein del åkrar, og det er veldig, veldig bra, seier jordbærprodusent og styreleiar i Valldal Grønt, Jan Ole Fuglem.

Sjå video:

I februar såg alt beinfrose og mørkt ut. Men vårsola har lokka liv i fleire jordbærplanter, og produsentane i Valldal har no fått igjen håpet.

Millionsvinn

I februar såg det så mørkt ut i Valldal at produsentane frykta heile omsetninga på 25 millionar var tapt for året. Men i dag var miljøet samla til fagdag. Og produsentar og rådgjevarar konkluderte med at kvaliteten på årets bær blir like god som vanleg, sjølv om vinteren var usedvanleg hard.

Jordbær Valldalen

FROST: Det har vore hardt for jordbærplantane å overvintre i Valldal i år.

Foto: Hegelin Waldal

– Kanskje er det spesielt bæra som går til industrien som blir råka av den harde vinteren. For mesteparten av bæra går dit, seier jordbærprodusent Geir Myklebust.

Livsmotet kjem tilbake

Men bæra som blir selde på torg og frå buer, ser altså ut til å vere redda. Til glede for alle som vil kjøpe seg ei korg, eller eit brett og kose seg med på ein bryggekant. Og sjølvsagt; til glede for produsentane.

– Det er veldig vanskeleg å vere optimistisk når alt er steinfrose på åkrane. Men når det piplar opp med litt grønt i furene, då kjenner vi at livsmotet kjem tilbake, seier jordbærprodusent Hegelin Waldal.

Hegelin Waldal, jordbærprodusent

BETRE: Hegelin Waldal seier det ser betre ut enn dei frykta. – Og så håper vi berre det blir enda betre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK