Hopp til innhold

Sesongen i fare for Noregs største jordbærprodusent

Frost og kulde i vinter uroar jordbærprodusentane.

Jordbær Valldalen

Frost og kulde kan ha gjort det vanskeleg for jordbærplantane å ta opp den næringa dei trengte i haust.

Foto: Hegelin Waldal

Valldal er den største produsenten av jordbær til syltetøy her i landet, og står for ein årlleg leveranse av mellom 6- og 700 tonn jordbær.

No kan sommarens jordbærhausting stå i fare. Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest fryktar nemleg at den kalde vinteren har øydelagt store delar av avlingane.

– Vi veit at den langvarige barfrosten har ført til skade på plantane. Røtene er forringa, og det kan gje ein veldig utfordrende sesong for jordbærprodusentene, varslar han.

Mangel på næring

Vanlegvis kjem det snø utpå hausten som gjev eit isolerande dekkje over jordbærplantane.

Dette skjedde ikkje i hausten som var.

Og etter ein lang periode med kulde og frost, har rotsystemet til jordbærplantane vorte skadd og ikkje teke opp den næringa dei skal.

– Dess lenger tid frosten varte, dess større vert skadene. Difor er vi no veldig spente på kor mange av jordbærplantene som er ”fit for fight” til våren, seier Lied til NRK.

Lied vil ikkje spå dei økonomiske konsekvensane jordbærmangelen vil ha for produsentane, men understreker at det kan verte ein tøff sesong.

Jordbær Valldalen

Valldal er Noregs største produsent av jordbær til syltetøy.

Foto: Hegelin Waldal