Hopp til innhold

Jordbærsatsinga blir forseinka

Planane om å få fleire til å satse på dyrking av jordbær, blir forseinka med eitt år. Kassa hos Innovasjon Norge var tom.

Jordbær

Det kan nesten ikkje bli nok av solmogne, søte jordbær, meiner valldalingane og vil ha fleire til å satse på bærdyrking.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Planane om å løfte jordbærnæringa i Valldals-regionen ved å inspirere nye til å gå i gang med bærdyrking, har fått kjeppar i hjula.

Kassa hos Innovasjon Norge var altså tom for pengar for i år då Valldal Grønt og Landbruk Nordvest søkt om bygdeutviklingsmidlar for å ta planane vidare.

– Ja, du kan kanskje seie det var ein tabbe å vente med søknaden til årets jordbærsesong var over. Når kassa er tom, må vi innstille oss på at hovudprosjektet blir eitt år forseinka, seier dagleg leiar Harald Valle i Valldal Grønt.

 Harald Valle

Om det ikkje blir fleire jordbærdyrkarar neste sesong, kan det bli langt fleire render med jordbærplanter hos nyrekrutterte produsentar i 2017, meiner Harald Valle i Valldal Grønt.

Foto: Privat

Pengane skulle gå til tettare rådgjeving og oppfølging av dei åtte–ni personane som er seriøst interesserte i å starte med jordbærproduksjon.

Noreg treng meir bær

Jordbærbygda Valldal er den største produsenten av jordbær til syltetøy og saft her i landet, og leverer rundt 600 tonn bær i året.

Stadig fleire ønskjer norsk bær både til privat bruk og til industrien. Dette gjer at det trengst fleire bærdyrkarar.

– For saft- og syltetøy-industrien, dekker norsk bær no under 20 prosent av behovet. Difor er det store moglegheiter for den som går i gang med jordbærdyrking, sa Harald Valle til NRK då forprosjektet kom i gang tidlegare i år.

Enslig rødt jordbær

Syn som dette bør det bli langt meir av i Valldal og området rundt, meiner jordbærmiljøet i bygda.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Nær 400 eigarar av jordeigedomar i Rauma, Vestnes, Ørskog, Norddal og Stordal blei inviterte til fleire informasjonsmøte om bærdyrking. Til slutt stod dei igjen med åtte–ni personar, som ønskjer å gå inn i næringa. Og dei vil gjerne kome i gang så raskt som råd.

Prosjektet siktar også inn på å få dei som alt har åkrar i Valldals-området, til å utvide arealet.

Stor rift om bygdeutviklingsmidlane

Bjarne Øygard

Bjarne Øygard ved moldekontoret til Innovasjon Norge, seier det er stor rift om pengar frå bygdeutviklingsmidlar i Møre og Romsdal.

Foto: Innovasjon Norge

Innovasjon Norge hadde 36 millionar kroner i potten for bygdeutvikling i Møre og Romsdal for i år. No må altså valldalingane vente til neste år før dei kan søkje om dei 1,5 millionane dei treng for å føre rekrutteringsprosjektet vidare.

– Kvart år opplever vi svært stor pågang etter midlane for bygdeutvikling.Vi behandlar søknadane om tildeling etter kvart som dei kjem inn, og diverre blei heile kassa raskt tom også i år, stadfester Bjarne Øygard, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Bjarne Øygard vil ikkje forskottere tildeling til Valldals-prosjektet frå potten neste år, men lovar at jordbærsaka kjem til å bli behandla tidleg på nyåret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL