Hopp til innhold

Rykande fersk låt frå Jenny Langlo

I dag kjem Jenny Langlo sin nye singel Mockingbirds ut. Teksten ligg nært hjarte hennar.

Jenny Langlo

Den nye singelen til Jenny Langlo heiter Mockingbirds.

Foto: Bjørn Opsahl

Jenny Langlo frå Stordal på Sunnmøre er klar med sin tredje singel.

– Det er veldig herleg, bryt ho ut. Eg har gledd meg så utruleg lenge. No er eg endeleg klar med ny musikk.

Ho har brukt lang tid sidan ho vann Idol i 2011. Dette er tredje singelen hennar som også kjem med musikkvideo. Den har premiere om ei veke.

– Det eg har jobba med veldig lenge er endeleg klart for å komme ut og «fødast», ler ho.

Høyr låta og Jenny Langlo fortelje om den nye singelen i Popsalongen som starter kl. 13.00 på NRK P3. Du kan og høyre henne i Ettermiddagsendinga til NRK Møre og Romsdal fredag.

Jenny Langlo

Langlo synes det er godt å gi ut ei låt som har eit bodskap.

Foto: Singelcover

– Syng høgare

Låta handler om å vere fri og vere seg sjølv. Tittelen er bygd på «mockingbirds» eller på norsk «hermekråke». Denne fuggelen er kjent for å herme etter andre sin melodi.

– Låta handlar om å heve seg over alt som blir sagt og sladra og plapra om, som det er mykje av i dag på nettet og elles, fortel ho.

Første setninga i refrenget er «One day i`m singing louder than a mockingbird». Langlo karakteriserer den som ei «feel-good»-låt.

– Det handlar om å synge høgare enn «mockingbirdsa», oppfordrar ho.

– Eg hoppa på «Idol-trampolina»

Då ho vann Idol fekk ho platekontrakt med Universal Music, men enno har ein ikkje sett noko til hennar første album i butikkhyllene. Det har vore eit bevisst val frå hennar si side.

– Musikken har rett og slett ikkje vore klar. Det handlar om å jobbe seg inn i bransjen og finne ut av meg sjølv som artist først, seier Langlo.

Ho følte at ho hadde ein veg å gå før ho kunne gi ut musikken sin.

Dei fleste artistane som gjer det bra med musikken har jobba seg framover og gått «trappa», medan det følast som eg har «hoppa trampoline» med Idol, seier ho.

Saka held fram under biletet:

Jenny Langlo

Idolfinalen 2011.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Ho fortel vidare at ho måtte« tilbake i trappa». Fortida bur ho i Trondheim der ho driv med musikk på heiltid. For henne er det viktig at musikken ho gir ut skal kunne leve med for resten av livet.

– Den skal jo ligge der ute, og då er det masse som skal passe. Eg har prøvd forskjellige produsentar og låtskrivarar, noko har vore bra, og noko ikkje like optimalt.

LES OGSÅ: Slik har du aldri sett Idol-Jenny

– Føler du det var dumt å ikkje smi medan jernet var varmt?

– Hadde musikken vore klar då eg vann Idol hadde jo det vore flott, men sidan eg ikkje hadde nok låtar klar til å gi ut ei plate med ein gong var det viktig for meg å starte på nytt.

Jenny Langlo

Jenny satsar på at plata hennar kjem ut i løpet av året.

Foto: Bjørn Opsahl

Kresen og utålmodig

Plata kjem den, men ikkje før ho er 100 prosent fornøgd. Ho skildrar seg sjølv som utålmodig og kresen og vil skunde seg langsamt. Godt er det i alle fall å vere tilbake, innrømmer ho.

– Det er ein god plass å vere når du på ein måte gjer eit comeback, på same tid som ein kan bygge på det ein allereie har skapt, seier Langlo.

Albumet som kjem ut i løpet av året beskriv ho som «Catchy» og «quirky».

– Det er ein god miks mellom positive låtar og mørke låtar. Som å blande Marilyn Manson og Jeff Buckley i jenteversjon.

Singelen Mockingbirds kan ein laste ned på iTunes, WiMP og Spotify.