Hopp til innhold

Jau då, det blir vår – snart

Men denne helga blir nok av det meir vinterlege slaget, med snø og låg temperatur.

Snø, Almklovdalen

Fleire stader har fått eit snødryss i løpet av natta.

Foto: Heidi Endal

I alle fall låg temperatur med tanke på at vi er berre vel ei veke frå å skrive mai.

Men også i dag varslar meteorologane på vestlandet at det blir låg temperatur for årstida. Statsmeteorolog Frode Hassel seier ein må rekne med kvit nedbør og rundt minusgrader denne helga.

Gløtt av sol

Frode Hassel

Kald lufta frå nord vil vare nokre dagar til, åtvarar statsmeteorolog Frode Hassel.

Foto: Marit Hommedal

Fleire stader kom det ikkje berre snøbyer i natt, men faktisk så mykje snø at den la seg. Ifølge Hassel er det kald luft frå Svalbard som gjer at vinteren ikkje slepp heilt taket. Den kalde lufta medførte nattefrost fleire stader, særleg i indre og høgareliggande strok.

Difor har brøytebilane allereie vore i aksjon rundt om på vegane. Og vegvesenet varsla før helga at dei skulle vere i ordinær vinterberedskap.

Og i beredskap må nok nokon kvar vere ei stund til. For ifølge Hassel vil det ikkje kome ny luftmasse inn. Det betyr at kaldlufta blir liggande nokre dagar.

Statsmeteorologen kan likevel trøyste med at den blir gradvis varma opp for kvar dag som går, og vêrvarslinga antydar at vi i dag skal få gløtt av sol.

Så ja, det blir vår i år også – snart.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL