Det var lovnaden om store inntekter for kommunen som blei utslagsgjevande for avrøystinga i kommunestyret onsdag. 13 røysta for og 6 mot vindkraftutbygging.
Tre ja, to nei
Med vedtaket i Sandøy har tre av dei fem aktuelle vindkraftkommunane sagt ja til utbygging. Dei to andre er Haram (men det skjedde med dobbeltstemma til ordføraren) og Eide. Kommunestyret i Averøy har sagt nei, det same kjem Giske til å gjere etter eit overveldande nei-fleirtal i folkeavrøystinga.
Avgjerd i vinter
NVE reknar med å avgjere konsesjonsspørsmålet i vinter. Sjølv om fleire kommunar vil ha utbygging, er det ikkje sikkert at det blir gitt konsesjon, seier vassdrags- og energidirektør Agnar Aas.