Hopp til innhold

Istad blir Jazzfestivalkunstnar

Christine Istad blir festivalkunstnar for Moldejazz 2008. Istad vaks opp i Molde, men har henta inspirasjon frå Japan til sin festivalkunst.

Christine Istad
Foto: Hans Christian Tho

- Det er ei stor ære å bli invitert, og ei stor utfordring, seier Istad. Ho meiner det er ekstra spanande sidan det er i hennar eigen heimby.

- Moderne, tøft, ungt og med puls

- Eg har jobba i to år no, med å reise til og frå Japan, og har laga meg eit prosjekt som skal gå over nokre år. Dette arbeidet har eg lyst å vise for fyrste gong her under festivalen, fortel ho.

Kunstverket som Istad vil bruke er ei lystavle frå Japan.

- Eg hadde veldig lyst på eit uttrykk som var litt moderne, og litt tøft, og litt ungt, og som har ein puls, fortel ho.

Festivalmotivet til Moldejazz 08.

Foto: Kunstnar: Christine Istad

- Gler meg og grur meg

Ho fortel at ein ikkje nødvendigvis ser at biletet er teke i Japan, men at ein vil kjenne att tidsånda i det, med det assosiasjonar til det moderne kommersielle samfunnet, men også til musikk.

I utstillinga kjem Istad til å ha med både fotografi, videoinstallasjonar og lydinstallasjonar, alt frå Japan, fortel ho, og legg til at ho både gler og grur seg til utstillinga.

Festivalsjef Jan Ole Otnæs seier dei har hatt eit samarbeid med kunstnarsenteret i Møre og Romsdal sidan 2002, og har saman med dei kome fram til at dette er ein spanande kunstnar. Han meiner det er viktig at dei her kan kombinere musikarar med festivalkunstnaren.

Vil ikkje røpe meir

- Dette har vore ein prosess som har gått over eit par år, og me er no i mål og kan presentere det. Me er glade for at det blir eit prosjekt der me både får vist ting inne på kunstnarsenteret, men også tek med ein av videoane ut og får presentert den for eit større publikum, fortel Otnæs.

Dette har dei også forsøkt tidlegare, men med mindre suksess. No vil prosjektet få jobbe meir på sine eigne premissar, noko Otnæs meiner vil vere til nytte for presentasjonen når dette skal bringast ut til veldig mange.

Leiar for kunstnarsenteret i Møre og Romsdal Tone G. Martinsen vil ikkje røpe for mykje om utstillinga, utover det at motivet er presentert i dag.

- Blir mykje musikk

- Utstillinga må nok folk berre leve i spenning medan dei ventar på, fortel ho. Utstillinga vil opne 14. juli.

- Det eg kan fortelje er at det inkluderer video, foto og lyd. Eg har fått eit innblikk i hennar arbeid no i dag tidleg, og det eg personleg kan seie er at dette blir ei oppleving, og at både videoen og fotografia er vakre ting, fortel Martinsen.

Ho helste fyrste gong på Istad for to år sidan, og fekk allereie då sjå ein del av fotografia hennar. No ser ho fram til at det blir mykje musikk i kunstnarsenteret under Moldejazz i sommar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL