Iselin drog til utlandet for å bli frisk etter flåttbitt

Ho skulle ha vore heime på Sunnmøre med babyen sin. I staden er Iselin Nevstad Øvrelid i Polen for å få behandling. Ho meiner norske styresmakter må ta borreliasjuke meir på alvor.

Iselin Nevstad Øvrelid

Iselin Nevstad Øvrelid fekk eit flåttbitt i april. I juni starta dei første symptoma å melde seg. No får ho behandling for borrelia i Polen.

Foto: privat

Det var i juni i år at tobarnsmor Iselin Nevstad Øvrelid (31) merka at ikkje alt var som det skulle. Det starta med smerter i eine armen, som ho trudde var senebetennelse på grunn av bering av babyen. Ho fekk betennelsesdempande medisin hos legen, men det hjelpte ikkje. Ut over sommaren kom det stadig fleire plager. Ho hadde influensaverk i kroppen, ei brennande kjensle i musklane og hjernetåke.

– Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle vere ein av dei som drar til utlandet for å bli frisk, seier Øvrelid.

Iselin Nevstad Øvrelid og dottera Karoline

Å ta med seks månader gamle Karoline til Polen for å få behandling vart vanskeleg.

Foto: privat

Desperat etter å bli frisk

Blodprøvene viste at ho hadde ein borreliainfeksjon og ho fekk antibiotika i to dryge veker. Tobarnsmora kjente merkbar betring, men var langt frå frisk att. Ho fekk ikkje meir antibiotikabehandling, sidan legane i Noreg har sine standarar å fylgje. Etter mykje lesing om behandling i utlandet, bestemte ho seg for å dra til Polen. Babyen på seks månader er att heime hos pappaen.

– Det seier ganske mykje om kor fortvilt situasjonen er når eg må reise frå babyen min, fordi eg ikkje får hjelp i heimlandet, seier Øvrelid. Ho har no vore i Polen i to veker og har treft mange andre nordmenn i same situasjon. Ho meiner norske styresmakter må gi betre hjelp til borrelia-pasientane.

– Styresmaktene må sjå på internasjonal forsking. Det verkar som det har gått prestisje i saka, seier Øvrelid. Ho meiner også at blodprøvetestane må bli betre for å påvise andre infeksjonar som kan fylgje med, såkalla co-infeksjonar.

– To veker er nok

Randi Eikeland

Randi Eikeland er nevrolog og leiar ved Flåttsenteret. Ho seier at det kan vere skadeleg med lang antibiotikabehandling.

Foto: Odd Rømteland

Lyme borreliose er den vanlegaste flåttborne sjukdomen i Noreg og i Europa. Hittil i år er det meldt inn 365 tilfelle av Lyme borreliose til Meldingssystem for smittsomme sjukdommar (MSIS). Randi Eikeland er leiar ved Flåttsenteret. Ho seier at det sjeldan er behov for antibiotikabehandling lengre enn 14 dagar for flåttborne sjukdomar. Sjølv om fleire pasientar framleis har plager etter den tid, viser fleire studiar at plagene ikkje skuldast infeksjon, ifylgje Eikeland.

– Meir antibiotikabehandling kan tvert imot vere skadeleg for pasienten, seier Eikeland. Ho forstår at folk er frustrerte og meiner at det må på plass retningsliner for utgreiing og behandling av pasientar, der den aktive infeksjonen er borte, men plagene held fram.

Jobbar med forslag

Det finst ikkje tal på kor mange pasientar som drar frå Noreg til utlandet for å få behandling for borrelia. Seniorrådgivar i Helsedirektoratet, Svein Høeg Henrichsen, seier at problemstillinga med pasientar som drar til utlandet, nyleg vart teken opp under ein nordisk konferanse i Oslo.

– Styresmaktene jobbar med eit forslag om korleis ein skal møte dei som til trass for behandling, opplever at dei framleis har plager, seier Henrichsen. Han seier at det er brei semje i Norden om korleis borrelia skal handsamast, og viser til dei nasjonale retningslinene om antibiotikabruk.

Vil kome i jobb att

Iselin Nevstad Øvrelid har eit håp om å bli frisk av borrelia og dei andre co-infeksjonane ho har fått påvist.

– Det viktigaste for meg er at eg kan vere mamma for jentene mine og komme meg tilbake på jobb att, seier Øvrelid. Ho ynskjer no at politikarane kjem på banen og tar tak i saka.