Irish stew
Irish stew blir kalla irane sitt svar på fårikål. Solveig Stavnes frå Kristiansund ringde til "Mat med Mindor" og gav oss denne oppskrifta:
1 kg kjøt av sau eller lam, helst bog
1 kg potet
1/2 kg gulrot
4 middels store løkar
1/2 kg hovudkål
1/2 ts timian
1 ss salt
1/2 ts pepar
vatn
ein masse persille
Skjer alt i tynne, pene skiver (unntaket er poteten, den må skjerast i skivar som er så tjukke at dei ikkje kokar sund). Legg ingrediensane lagvis i kasserollen med krydder imellom. Hell i vatn til det dekkjer omtrent halvparten. Kok ved svak varme eit par timar (ikkje rør i maten, men skak kasserollen så det ikkje legg seg i botnen), eller bruk ei eldfast form og set det i steikeomnen i eit par timar ved 175 grader.
EIT GODT RÅD MOT SUNDKOKING AV POTET
fekk vi frå Oddbjørg Olsen: Dersom vi først steikjer potetskivene i omnen ved ca. 200 grader i 10 minutt, kokar dei ikkje sund!
Liv Roksvaags gulrotkake
På Kårvåg, der Liv bur, er denne kaka svært populær:
Visp eggedosis av
4 egg
3 dl sukker
Så blandar du
3 dl kveitemjøl
2 ts natron
1 ts salt
1 ts vaniljesukker
2 ts kanel
og rører det i eggedosisen.
Så blandar du i 4-5 rivne gulrøter og til slutt 1 - 1,5 dl soyaolje.
Hell blandinga i ei 24-26 cm form og steik gulrotkaka på 190 grader i ca. ein time.
FYLL:
100 g fløyteost (Filadelfia)
1 ts vaniljesukker
50 g smør
100 g melis
Rør dette i ein bolle til det er fritt for klumpar og smør det på kaka. Nam nam!