I august i fjor blei adressa overtatt av eit amerikansk selskap, som har brukt sida til å spreie pornografi.
Nettstaden til konferansen blei fristilt ved ein feil, og før dei visste ordet avdet var domenet tatt i bruk av andre.
I seksten månader har innovasjon og design-konferansen i Ålesund prøvd å få tilbake adressa dei hadde på Internett.
I går slo organisasjonen for intellektuell opphavsrett, WIPO, endeleg fast at det er Innotown AS som har eigedomsretten.
Skadeverknader
Dagleg leiar i Innotown, Dag Lausund, seier dei no arbeider med å kartlegge skadeverknadene av at nettadressa har vore brukt av andre. Han ser ikkje vekk frå at dei har mista mange potensielle gjestar fordi dei har blitt møtt med pornografi på nettstaden.