Hopp til innhold

To pågripne etter tjuveriraid – bil etterlyst

To litauarar vart pågripne av politiet torsdag ettermidag. No etterlyser dei observasjonar knytt til ein bil i samband med saka.

Kia Ceed

Illustrasjon som viser omtrentleg korleis bilen såg ut. Med løyve frå Bertel O. Steen i KIA Bil Norge AS.

Foto: Illustrasjonsfoto frå politiet

Torsdag ettermiddag arresterte politiet to litauiske menn i 30-åra. Mennene vert knytt til bustadinnbrota som har funne stad på Sunnmøre den siste tida.

Pågripinga fann stad på ein campingplass i Sør- Trøndelag.

– Etterforskninga vår her på Sunnmøre gjorde at vi klarte å lokalisere dei to litauarane med god hjelp frå politiet i Sør-Trøndelag, seier politiførstebetjent Lars Eirik Steinsland.

Ved pågripinga sat dei blant anna på gullsmykke, klokker og sølvtøy.

Ifølgje politiet er det for tidleg å seie noko om godset som vart funne stammar frå innbrota på Sunnmøre, men Steinsland kjenner seg trygg på at vi har pågrepet de rette.

– Nå gjenstår arbeidet med å knyte dei til bustadinnbrota som er begått siste tida i distriktet vårt og eventuelt andre distrikt, seier han.

I samband med saka ber politiet om konkrete tips frå dei som har observert ein utenlandsregistrert liten kvit KIA Cee'd 5-dørsmodell med registreringsnummer som startar på ”GCC”.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL