Hopp til innhold
IKEA-INDIA/
Foto: Reuters Photographer / Reuters

Ikea i Ålesund

  • Skuffa Ålesund-ordførar

    Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal seier ho vart skuffa då nyheita kom om at Ikea likevel ikkje byggjer varehus i kommunen. – Det hadde vore kjekt å ha Ikea nærmare enn vi har. Samtidig forstår eg at Ikea går gjennom store endringar og riggar seg for framtida. Handlemønsteret er annleis no, seier Aurdal til NRK.

    Eva Vinje Aurdal
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Ikea skrinlegg planane

    Ikea skrinlegg planane om fire store nye varehus i Vestby, Vestfold, Ålesund og Tromsø. Tomtene Ikea har kjøpt blir no selde. I 2015 vart det meldt at Ikea i Ålesund ville gi arbeid til 250 personar, men no blir det altså ingen av desse planane. I slutten av august kom det fram at Ikea stengjer alle servicekontora i Norge. Det gjaldt servicepunkta på Skøyen i Oslo, i Ålesund og i Tromsø. 17 heil- og deltidstilsette i Ålesund mista jobben tre år etter at servicekontoret såg dagens lys. Ikea kjøpte tomta på Moa av Ålesund kommune for 47,5 millionar kroner i 2016.

    IKEA på Slependen i Asker
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Ikea-avgjerd i dag

    I dag skal Ikea halde pressemøte, og det er venta at det skal kome ei avklaring på om dei skal bygge varehus i Ålesund eller ikkje. Ikea har frå før lagt ned servicesenteret sitt i Ålesund. Ordførar Eva Vinje Aurdal, trur mange blir skuffa dersom planane blir skrinlagt.

    IKEA gjøres ferdig
    Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK
  • IKEA varsler nyhet

    IKEA har innkalt til pressemøte på tirsdag, hvor de varsler store nyheter knyttet til utviklingen av konsernet. Det har i lengre tid vært ventet på en avklaring rundt om selskapet skal etablere ett varehus i Ålesund eller ei.

    IKEA på Slependen i Asker
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL