Hopp til innhold

Forskar: – Kan gjere meir enn å minke tidsklemme og utslepp

Ungane blir levert til trening, medan foreldra er på jobb eller sit i sofaen – gjennom ein ny app. Det kan ha ein viktig effekt, i tillegg til å fjerne stress og eksos.

Nimmo transport. Tiåring på veg inn i minibuss, med sjåføren bøygd bak henne.

TIL TURN: Goda (10) blir henta og tasta inn i systemet til sjåfør Jan Tore Tornes.

Foto: Roar Strøm / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein prislønt bussjåfør les Bjørnson-dikt for ein minibuss full av barn med matboksen oppe.

Det høyrast meir ut som ein dårleg sketsj enn framtidas reiseteknologi.

Forskar trur den norske skyssordninga – unik i Europa – kan gjere stor suksess over heile kontinentet.

– Pappa og mamma på jobb

Det var to trebarnsfedre i Molde med tidsklemme som kom på ideen. I eit halvt år har ordninga blitt testa ut og forbetra.

No går bussen frå barneskule til barneskule og plukkar opp små ungar med ransel mellom høge brøytekantar.

Goda (10) er nøgd med Nimmo, sitt midt i minibuss med lue og jakke, med andre ungar med jakke og lue rundt seg.

Goda (10) er nøgd med å bli henta av ein minibuss.

Foto: Roar Strøm / NRK

Goda Matulyte er ti år og digger løysinga.

Det funkar bra! Me blir henta av ein buss, og det er betre for miljøet enn å køyre mange bilar. Og mamma og pappa jobbar no, så dei kan liksom ikkje dra frå jobb.

– Om me skal vere litt kritiske her da: Kan de ikkje sykle eller gå på turninga sjølv?

– Da hadde me nok komme for seint. Og når det er så mykje snø, så eg trur ikkje me hadde komme oss fram i det heile, seier den tiårige turnaren.

Praten blir avbroten når bussen rundar ned ein bakke med utsikt over Molde-panoramaet. Sjåføren siterer diktet «Romsdalen» av den lokale diktaren Bjørnstjerne Bjørnson.

Ungane ser ikkje ut til å ta skade av det.

Nimmo aktivitetstransport i Molde, barneskuleelevar på veg til turn. Godt påkledde med vinterklede. Nokre med mobil, nokre med matboks.

Nokre av ungane brukte køyringa til å ete niste, andre lét skravla gå – med elevar frå andre skular.

Foto: Roar Strøm / NRK

Bil nummer to

Forskar Hampus Karlsson ved Sintef kan fortelje at ordninga er heilt unik i Europa. Han har forska på kva som skal til for at skyssordninga skal funke på både småplassar og i store byar.

Hampus Karlsson ved SINTEF.

Hampus Karlsson forskar på mobilitet ved SINTEF.

Foto: SINTEF

– Me har ein mistanke om at dette kan gjere meir enn å berre redusere tidsklemme, bilkøyring og klimagassutslepp, seier forskaren.

Han tenker på inkludering.

– Ikkje alle har foreldre med bil, eller jobb som gir tid til å frakte ungane, seier Karlsson.

Kan aktivitetstransport funke nær deg?

I dag har nokre kommunar ein praksis med å sponse drosjefrakt til dei fattigaste ungane. Ein minibuss fylt med jamaldrande vil sjølvsagt vere både billigare og mindre synleg enn å kome i drosje.

Forskaren peiker også på andre fordelar.

– Om du slepp å køyre ungen til trening, får du kanskje 15 minutt ekstra, slik at du kan gå eller sykle. Heimen treng kanskje ikkje bil nummer to.

– Kva er utfordringane her?

– I Europa bur jo folk mykje tettare og er fleire enn i Molde og Ålesund. Det gir utfordringar, men også større marknadar.

Jan Tore Tornes, Nimmo, bussjåfør i snøkledd granlandskap.

Turbussjåfør Jan Tore Tornes frå Tornes turbusser

Foto: Roar Strøm / NRK

Noregs mest ålreite

Det er Jan Tore Tornes som i dag køyrer minibussen og pratar i mikrofonen.

Den første turen køyrde han ei jente aleine til klatring. No er bussen full av turnarar.

– Eg har inntrykk av at ungane likar tilbodet, dei verkar veldig avslappa med det, seier Tornes.

Barn presenterer seg for bussjåfør Jan Tore Tornes, og blir kryssa av i Nimmo-appen.

Namneopprop.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ungane presenterer seg når dei stig om bord, og sjåføren kryssar dei av i sin app. Appen finn også fram den mest effektive ruta, ut frå kven som skal med på bussen.

– Og så kan mammaen og pappaen sjå om ungen har blitt plukka opp, og følge dei i appen fram til døra, seier bussjåføren.

I haust blei Tornes kåra til den mest ålreite fyren i Noreg, av Jo Nesbø og Harry Hole-stiftinga. Når han ikkje skyssar ungar, køyrer han hjelpelaster til Ukraina – eller guidar pensjonistar på turbuss.

– Pratar du like masse når du har ungar om bord som når du har eldre på turbussar?

– Nei, men eg seier god dag og spør om det går bra. Ja, det er lyden av oss menneske som er viktig, meiner Tornes.

Festtransport

Kristin Solli jobbar for Nimmo, selskapet som har utvikla appen og transportløysinga.

Nimmo aktivitetstransport i Molde, Jan Tore Tornes er blid sjåfør.

Kristin Solli er ansvarleg for sal og marknadsføring i Nimmo, og fortel at selskapet som no køyrer ungar i Molde og Ålesund, har planar for fleire stader.

Foto: Roar Strøm / NRK

Solli fortel at dei hentar ungar både på skule, SFO og heime på kveldstid, og fraktar dei til slikt som turn, klatring, fotball, dans og kulturskule.

– Men det er ikkje gratis?

– Nei, foreldrene betaler 22 kroner per tur.

Sjåførane møter også uvande utfordringar, slik som unge gutar som må ha tissepause eller passasjerar som vil bli følgt til døra fordi dei er mørkeredde.

Transportforskar Karlsson seier at løysinga kan funke på mykje meir enn skyssing av ungar. På små stader vil det kunne vere langt betre enn ein rutebuss.

– Og ungdom og andre kan komme heim frå festar og puben i helgene for ein billeg penge, seier han.