Hopp til innhold

Her er barnehagen med på hjortejakt

På Halsa har jegerane i fleire år tatt med barnehagebarna på jakt. – Det er spennande og lærerikt for ungane, meiner ein av dei tilsette.

Hjortejakt med barnehager på Halsa i Heim.

Barnehagebarna er nysgjerrige på den nyskotne hjorten.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Åh, det var skikkeleg store horn, seier Tilde Betten (5) medan jegerane kjem slepande med ein bukk dei nettopp har felt.

Éin dag i året arrangerer jegerar hjortejakt med dei lokale barnehagane i bygda.

– Vi meiner at dette er naturleg for barn og ungdom å få opplæring i, å vite kvar maten kjem ifrå. Dei lærer samhald, koordinasjon i skogen og at jegerane faktisk er snille, greie folk, seier Johnny Henden, leiar i Halsa jeger- og fiskerforening.

Johnny Henden, leder i Halsa jeger og fisk

Johnny Henden, leiar i Halsa jeger og fiskerforening.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Trefte blink

Under den aktive jaktinga sat ungane bak ei tue med barnehagetilsette mens jegerane speida etter hjort litt lenger unna. Ved hjelp av jaktradio kunne dei halde spenninga oppe og oppdatere barna.

Med eitt høyrest ein skarp lyd det er vanskeleg å ta feil av.

– Det kom to skot og det høyrdest derifrå, seier Tilde.

Barnehage på hjortejakt i Halsa

Ungane er spreidd i ulike grupper og sit i ro medan sjølve jakta går føre seg. Wenche Romfo Løvik (t.h.) fortel om kva som blir sagt på jaktradioen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Eit steinkast unna har ein av jegerane treft blink, eit skot for å felle hjorten og eit til for å vere heilt sikker.

– Det blei fangst, så heldige var vi faktisk, det kan ein liksom ikkje planlegge heilt. Det betyr litt ekstra når vi har med ungane og at dei faktisk kan kome og ta på ein hjort, seier jeger og friluftsrettleiar Kristian Kallmyr Lerheim i NJFF Møre og Romsdal.

Fallen hjort på Halsa i Heim.

To hjort blei felt under jakta.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er spennande og lærerikt for ungane å vere med. Dei får sjå korleis naturen fungerer. Det er etikk oppi dette her med livet og døden, seier barnehagepedagog Wenche Romfo Løvik.

Etter at hjorten er felt får ungane lære og stille spørsmål om dyret og jakta. Dei er også med på vomming og slakt. Ungane var aktivt med, stilte spørsmål og var nysgjerrige.

Barnehage på hjortejakt i Halsa. Vomming.

Under vomminga fekk ungane kjenne på magesekk og tarmar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Alle blei med

Opplegget har dei hatt i seks år. Det er frivillige, men i år har alle foreldra valt å sende barna med.

– Pleier det å vere mykje diskusjon rundt dette?

– Av det eg veit har det ikkje vore diskusjonar i det heile tatt. Foreldra synest det er heilt greitt, og det har noko med førebuingane vi gjer, seier Romfo Løvik.

Dei har mange veker i forkant med førebuingar, samtalar og viser bilde og film. Løvik meiner dei tar i bruk alle sju fagområda i barnehagen når ungane blir med på jakt.

– Dei lærer også om kvifor vi jaktar, for kva skjer når det blir altfor mykje dyr Tilde?

– Då et dei opp all skogen, svarar ho.

Jeger, barnehage på hjortejakt i Halsa.

Kristian Kallmyr Lerheim sat i eit jakttårn då han skaut ein hjort. For ordens skuld var det ingen ungar verken framom eller nær han.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK