Hopp til innhold

I dag blei heile Noreg med på dansen

Over 325 000 elevar frå heile landet dansa BlimE-dansa. Bak konseptet står Torgrim Grimstad frå Hareid.

Torgrim Grimstad

Koreograf Karoline Berge Hammersmark og regissør Torgrim Grimstad frå BlimE!2015

Foto: NRK

I dag dansa 325 000 elevar over heile landet BlimE-dansen for fjerde år på rad. Bak heile konseptet står NRK Super og regissør Torgrim Grimstad frå Hareid. Det var for seks år sidan at NRK Super ville sette fokus på mobbing og bestemte seg å lage ein vennskapskampanje.

– Vi tenkte at det er betre å invitere barna til å vere vener og bli med i leiken, enn å fokusere på nei til mobbing. Barna forstår det med å invitere inn. Mobbing kan vere så mykje og er ikkje så lett å sette fingeren på, seier Grimstad.

Rekordstor interesse

I år har det vore rekordstor oppslutnad om BlimE-dansen, der over 1700 skular dansa for venskap. Dansevideoane vert delt på nrksuper.no.

I år brukte MGP junior BlimE-dansen som sitt fellesnummer. Grimstad seier at prosjektet vert større for kvart år.

– Det at lærarane melder på klassene gjer at omfanget aukar, seier regissøren. Hans metode for å få barna med når han lagar musikkvideo er å ta barna på alvor, få fram glimtet i auget og ikkje instruere dei.

Ikkje stenge ute

Også skulen han sjølv gjekk på då han var barn, Bigset skule på Hareid, har dansa i dag. Oline Ulstein i 6. klasse veit godt kva dansen handlar om.

– Det handlar om at alle skal få bli med på leiken i friminutta og at ingen skal bli utestengt, seier Ulstein.

Bigset skule dansar BlimE!-dansen
Charlotte «Raylee» Kristiansen besøkte sin gamle skole og lærte bort BlimE-dansen til elevene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL