Gjekk til rettsak då naboen uttalte seg i lokalavisa

To hytteeigarar som hadde utstyrt seg med overvakingskamera blei rasande då naboane klaga i lokalavisa på filminga. No slår retten fast at det må dei tåle.

Overvakingskamera i feriehus på Bjørnsund

Her er eitt av overvakingskamera som har skapt strid på ferieøya Bjørnsund. Naboane likar dårleg å ha blitt filma utan å vite om det.

Foto: tipsar

Striden rundt filminga på ferieøya har blitt så betent, at saka nyleg hamna i retten i Møre og Romsdal tingrett.

Men dommaren skulle ikkje ta stilling til om to hytteeigarar har brote lova då dei i fleire år filma naboeigedommar og feriefolk utan at dei var klar over det. Tvert om var det hytteeigarane som klaga og meinte dei blei ærekrenka, då leiaren i velforeininga på øya, Bjørn Otterlei, klaga i lokalavisa.

Men - det må dei tåle. Det slår no tingretten fast.

«Retten kan heller ikke se at Otterlei i sine uttalelser har vært uaktsom. Han har kun gitt uttrykk for sitt syn og uttalelsene fremstår etter rettens syn ikke som injurierende» heiter det i dommen.

Retten konkluderer også med at rollene i saka er snudd på hovudet og at fleire tusen har blitt filma:

«Retten har også i sin vurdering vektlagt at de som egentlig er fornærmet i saken er alle de som har vært på øya og utsatt for å bli filmet uten å ha vært klar over dette. Retten antar at mange ikke ville ha badet på brygga hvis en var klar over at en ble fanget opp på et kamera. Dette gjelder uavhengig av saksøkers intensjoner med kameraene.»

Overvakingskamera i feriehus på Bjørnsund

Eitt av overvakingskamera blei sett opp i dette vinduet. Eigarane fortalte at dei fekk kamera i gåve, og syntest det var praktisk å bruke for å følgje med på ver og vind.

Foto: tipsar

'Den tidlegare leiaren i velforeininga, Bjørn Otterlei er godt tilfreds med dommen.

– Eg er veldig tilfreds med dommen. Den slår fast at vi som styremedlemmar var i vår fulle rett då vi påpeika forhold som eit overveldande fleirtal har opplevd som krenkande og ulovleg. I tillegg har dommen viktig prinsipiell betydning i forhold til ytringsfridomen. Ein må vente seg offentleg merksemd dersom ein skal filme i det offentlege rom, seier han.

Følgde med på ver og vind

Dei to hytteeigarane syntest det var ein strålande ide å sette opp overvakingskamera i vindua sine, fortalte dei nyleg i retten. Slik kunne dei følgje med på ver og vind når dei ikkje sjølve var på ferieøya Bjørnsund. Den eine er busett i Innlandet, den andre i Romsdal.

Men naboane på den idylliske ferieøya likte svært dårleg å ha blitt filma utan at dei var klar over det. I retten tidlegare i mai forklarte fleire av dei at dei reagerte ekstra sterkt då dei oppdaga at dei avanserte overvakingskamera starta opp lydlaust når nokon bevegde seg. Dei kunne også filme og dele opptak, zoome og endre kameravinkel.

– Folk blir lettare krenka

Jan Inge Sørbø

Professor Jan Inge Sørbø er medlem i Ytringsfridomskommisjonen. Han seier folk blir lettare krenka no enn før.

Foto: Kristian Fuglseth

Professor Jan Inge Sørbø som er medlem i Ytringsfridomskommisjonen seier han ikkje har følgt den konkrete saka i retten, men seier krenkingar er eit viktig tema i eit ytringsperspektiv. Han meiner det er ein tendens at ein blandar saman at rettane i samfunnet blir krenka, og at personlege kjensler blir krenka. Det siste er ikkje tilstrekkeleg til å avgrense ytringsfridommen.

– At folk blir lettare krenka, er det ingen tvil om. Trua på objektive normer og sanningar går ned, og då sit ein att med subjektet som måler kor krenka det har blitt. Det er inga god utvikling, seier han.

Filming av klientar og skulebarn

Tusenvis av skulebarn har reist på leirskule til den fråflytta øya Bjørnsund dei siste åra. Øya har også vore brukt av klientar frå rusinstitusjonar. I retten kom det fram at overvakingskamera truleg har filma elevar med hemmelege adresser og med behov for spesielt vern.

Advokaten til dei to hytteeigarane seier han førebels ikkje har fått snakka med klientane sine, og vil difor ikkje kommentere saka.

Dei to hytteigarane må to betale over 200 000 kroner i sakskostnader.

Leirskolebarn på Bjørnsund

Tusenvis av skulebarn har besøkt ferieøya Bjørnsund dei siste åra. Rektor på leirskulen forklarte i retten at det var fleire av borna som hadde hemmeleg adresse som truleg var blitt filma utan at nokon visste om det.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK