Fleire hotell i Møre og Romsdal har eller skal snart stenge heilt for overnattande. Laurdag gjekk nær 400 tilsette ved hotell, restaurantar og kantiner i fylket ut i streik.
Quality Ulstein Hotel stengde for overnattande søndag. I følgje Sunnmørsposten stengjer Thon Hotel Ålesund sine 106 rom på onsdag medan Scandic Parken Hotell i Ålesund stenger dørene på fredag.
LES OGSÅ:
Tek ein dag om gongen
Ved Scandic Seilet i Molde er det 55 rom som er stengde no, dei har vore stengde sidan laurdag, då streiken begynte her i fylket.
Distriktsdirektør Gry Eriksen seier:
Distriktsredaktør i Scandic, Gry Eriksen.
Foto: Privat– Vi er i ei kartleggingsfase no, vi tek ein dag av gangen, men vi må gjere enkelte driftstilpasningar: redusere romkapasitet, og gjerne ha noko enklare bespisning, seier ho.
– Kan det bli fleire stengde rom?
– Det kan skje, vi tek ein dag av gangen og ser kva for ressursar vi har, seier ho.
God stemning blant dei streikande
Utanfor Scanic Parken Hotell i Ålesund sit det streikevakter frå morgon til kveld. Jeanette Simonsen er ei av dei. Og ho synest det er heilt greitt å sitte utanfor hotellet.
Jeanette Simonsen er streikevakt ved Scandic Parken Hotell i Ålesund.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK– Det er berre koseleg å sitte her å vere streikevakt. Folk som går forbi er berre hyggelege og støttande, seier ho smilande.
Men ho synest ikkje det er kjekt at hotellet frå i morgon, onsdag, av ikkje tek imot fleire gjestar.
– Det synest eg er veldig trist. Eg skulle gjerne ønskje at streiken var over og vi kunne kome oss tilbake i vanleg jobb.
Fryktar langvarig streik
Situasjonen mange stadar er at ein del av dei tilsette er i streik. Men ikkje alle. Konsekvensen er ofte redusert drift.
Direktør Jon Arild Birkeland ved Angvik Gamle Handelsted
Foto: NRKAngvik Gamle Handelsted har 37 rom. No er fire av dei tilsette i streik og direktør Jon Arild Birkeland fortel at det får konsekvensar:
– Vi har litt redusert drift. Då streiken starta, stoppa vi bookinga 14 dagar fram i tid, for å konsentrere oss om å levere til dei som allereie har bestilt. For augneblinken avgrensar vi det til det, og gjer så godt vi kan for dei gjestane.
Fryktar du langvarig streik?
– Ja, det gjer eg vel. Det verste som kan skje på lang sikt er jo at dette svekker renommeet til reiselivet i Norge, når vi begynner å nærme oss turistsesong. Så eg håper jo det ikkje blir langvarig, men eg fryktar det, seier Jon Arild Birkeland til NRK.