Hopp til innhold

Høyr den elleville reaksjonen etter KBK-scoringa

Stemninga var svært god i Kristiansund etter at KBK scora sitt første mål og tok sin første siger i eliteserien måndag. For nokre tok det heilt av. Høyr og sjå tilskodarane sine eigne videoar her.

Kristiansund scora sitt første mål og tok sin første siger i eliteserien med 1-0 over Brann søndag. Å seie at stemninga var god blant dei 4000 nordmøringane på tribuna er ikkje å overdrive.

NRK har fått reaksjonsvideoar frå ei lang rekkje KBK-tilskodarar frå kampen mot Brann måndag.

Etter tap i serieopninga mot Molde og bortetap mot Odd nokre dagar seinare, var den sterke 1-0-sigeren over Brann måndag svært etterlengta.

Kristiansund Uglan

Stemninga var god i supportergruppa til KBK, Uglan, etter at laget deira tok sin første siger i eliteserien.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

– For trua og gruppa framover var det ekstremt viktig at vi på eitt eller anna tidspunkt så fort som mogleg tok poeng, og å ta tre poeng var utruleg godt, sa matchvinnar Sverre Økland til NRK etter sigeren.

Den solide straffescoringa utløyste i tillegg nokre enorme reaksjonar frå supporterane. NRK har samla inn ein del av reaksjonane, som du kan høyre og sjå i videoen øvst i saka.

Sverre Økland

Her har Sverre Økland nettopp banka inn sigersmålet mot Brann. Scoringa var den første for KBK på det øvste nivået i Noreg.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix