Hopp til innhold

KBK-helten: – Følte meg trygg på sette den

Det måtte eit straffespark til, men endeleg kom både den første scoringa og dei første poenga for nyopprykka Kristiansund.

Sverre Økland

Her har Sverre Økland nettopp banka inn sigersmålet mot Brann. Scoringa er den første for KBK på det øvste nivået i Noreg.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Ei fantastisk kjensle som ikkje kan bli erstatta av noko som helst, sa ein fornøgd matchvinnar Sverre Økland direkte på MAX etter kampen.

Økland var iskald då han fekk sjansen frå straffemerket etter 72 minutt. Brann-keeper Piotr Leciejewski gjekk rett veg, men straffa frå Økland var knallhard og plassert heilt nede ved stolperota.

– Eg er ganske roleg i slike situasjonar, eg følte meg ganske trygg på å sette den, kommenterte Økland, som i 2009 blei den - på tidspunktet - yngste eliteseriespelaren gjennom tidene.

Brann pressa på for utlikning, men KBK heldt unna - trass fem overtidsminutt.

– Du ser mykje på klokka og prøver å få ballen så langt unna som mogleg. Alle visste kor viktig det var å få dei tre poenga, seier Økland til NRK.

Økland og Qaka

Sverre Økland (t.h.) og Kamer Qaka i godt humør etter sigeren.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Brann-dominans

Fjorårets sølvvinnar var favoritt før kampen, og i opningsminutta var raudtrøyene frå Bergen farlegast. Med høgt press frå start blei det mange nesten-sjansar, og både Jakob Orlov og Kristoffer Barmen var nære på for Brann.

Etter 14 minutt fekk Gilli Rolantsson sjansen for bortelaget. KBK-back Henrik Gjesdal feilberekna ein høg ball mot Gilli og islendingen fekk avslutte, men keeper Sean McDermott fekk avverja.

Etter ein halvtime spelt var oddsen på sida til Brann, men sakte kom heimelaget meir med i kampen. Sjansane uteblei, men rett før pause kom ei eventyrleg moglegheit.

Eit godt innlegg frå høgre frå Aliou Coly blei heada i tverrliggaren av Benjamin Stokke. Jean Alassane Mendy, som fekk tillit frå start for første gong i eliteserien, skal enkelt sette inn 1–0 på returen, men brukar for lang tid og gir Brann-forsvararane tid til å blokkere avslutninga.

Det stod 0–0 til pause i Kristiansund.

– Fått litt bank

Utover i andre omgang stod heimelaget for det meste av presset, og Brann blei stadig meir passive.

Den avgjerande hendinga skjedde i det 71. minutt.

KBK-spelar Benjamin Stokke fekk ballen i sekstenmeteren, vende bakover der Bismar Acosta ikkje følgde godt nok med. Foten til Acosta gjekk ut, Stokke gjekk i bakken og dommar Svein Oddvar Moen peikte på straffemerket. Frå 11 meter var Økland klinisk.

Brann pressa på for utlikning etter 1-0-scoringa, og både Azar Karadas og Torgeir Børven var nære.

Etter fem - for heimepublikummet - frustrerande overtidsminutt gjekk derimot sluttsignalet, og KBK hadde sikra sin første siger.

– Det kostar å ta poeng i elitedivisjonen. Vi har fått litt bank i dag, og no veit vi kva som skal til. Vi har vore litt snille gutar i dei to første kampane, men i dag stod vi opp og brukte det vi har fått utlevert. Det er det som må til, og eg synest vi gjennomfører ein god match, seier KBK-trenar Christian Michelsen til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL