Hopp til innhold

Odd cruisa inn til siger mot skadeskotne KBK

Odd vann enkelt då Kristiansund måtte sjå både kapteinen og stortalentet sitt gå av banen med skade.

Sean McDermott

Kristiansund-keeper Sean McDermott deppar etter at Odd sette inn 2–0. I bakgrunnen jublar Odd-spelarane.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi har rota mot denne typen lag før, lag som kjem hit for å øydelegge vårt spel. Derfor er eg veldig glad for at vi vinn 2-0, seier Odd-trenar Dag Eilev Fagermo til NRK.

Kampen starta jamt mellom medaljefavoritten frå Skien og nyopprykka Kristiansund, men etter skarve to minutt blei oppgåva brått mykje vanskelegare for nordmøringane.

Dan Peter Ulvestad

KBK-kaptein Dan Peter Ulvestad måtte ut med skade etter berre fem minutt mot Odd.

Foto: Roar Halten / NRK

I opningstapet mot Molde blei KBK-toppscorar Daouda Bamba skadd, og i opningsminutta mot Odd måtte kaptein Dan Peter Ulvestad av banen.

Trass i skaden på midtstopparen var kampen jamn dei første 20 minutta. Så vakna Olivier Occéan. Etter 19 minutt var spissen frampå og berre ei KBK-blokkering hindra 1–0. Tre minutt seinare kom scoringa.

Odd fekk corner og etter litt fram og tilbake i 16-meteren fekk Espen Ruud svinga inn til Occéan. På bakarste stolpe kriga kraftspissen inn Odd-leiinga.

Stortalentet måtte ut

Utover i første omgang kom Odd til fleire store sjansar, spesielt etter 33 minutt burde Riku Riski dobla leiinga frå kort hald, men skotet frå finnen gjekk utanfor.

Etter pause prega mange tøffe duellar kampen. Dei duellane kom KBK verst ut av, for etter 53 minutt blei nok ein mann liggande nede for bortelaget.

Christian Michelsen

KBK-trenar Christian Michelsen måtte sjå to sentrale spelarar gå av banen med skade mot Odd.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Stortalentet Kamer Qaka blei liggande nede, tilsynelatande dårleg, og blei kort tid etter bytta ut. Lukka for KBK er at både Qaka og Ulvestad ikkje er hardt skadd.

– Det er aldri heldig med skadar, uavhengig av kven det er. Skadar er dessverre ein del av gamet, seier KBK-trenar Christian Michelsen til NRK.

Både Qaka og kaptein Ulvestad skal vere på føtene igjen og ikkje alvorleg skadd.

Glei inn til siger

Skadane gjorde det ikkje enklare for KBK å komme tilbake mot knallsterke Odd, og etter 60 minutt dobla Odd leiinga.

Rafik Zekhnini la ballen ut til Thomas Grøgaard som sette inn si første scoring i Eliteserien.

– Det er gledeleg at backane vore scorar. Thomas har scora i ein treningskamp også, så dette er ikkje tilfeldig, seier Fagermo.

Kristiansund jaga på for redusering, men kom aldri spesielt nære. Til slutt blei det ein fortent 2-0-siger til Odd, årets første for heimelaget etter det stygge tapet mot Rosenborg i første serierunde.

Olivier Occean

Olivier Occéan sikra 1-0 for Odd.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix