Hopp til innhold

Houdini haika to mil til kjøpesenteret

Då vektarane oppdaga ein svart kanin i parkeringshuset på kjøpesenteret vart det starten på eit mysterium. Kven var han og kvar kom han frå?

Kaninen Houdini på frifot

MYSTERIUM: Mange lurte på korleis kaninen hadde kome seg inn på kjøpesenteret.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vektarane ved kjøpesenteret vart svært forundra då dei fann ein kanin i garasjeanlegget på Moa i Ålesund.

Fredrik Johansen

I PARKERINGSHUSET: – Vektarane måtte springe for å fange kaninen, fortel områdeleiar Fredrik Johansen i Nokas.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi fann han mellom bilane. Det vart ein springerunde for å fange han, seier Fredrik Johansen i Nokas. Eit bilde av kaninen vart lagt ut på Facebook, og han vart plassert i dyrebutikken.

Johansen seier at dei kjem borti mykje rart på kjøpesenteret, men ein kanin på rømmen er noko av det mest spesielle dei har handtert.

Reiste to mil

Det var mange teoriar om kva som hadde skjedd. Men folk frå Langevåg i nabokommunen Sula kjende att den sosiale kaninen. For dei var det inga overrasking at han var lysten på å ta seg ein bytur.

Spørsmålet var korleis han hadde kome seg til kjøpesenteret to mil unna.

Kaninen Houdini på frifot

GJENSYNSGLEDE: Sandra Veddeng Raknes (t.h.) får overlevert kaninen av Eva Cathrine Asbjørnsen i dyrebutikken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sandra Veddeng Raknes frå Langevåg melde seg. Ho meiner å vite kva som har skjedd.

– Han må ha blitt med bilen vår då vi drog til Moa laurdag, seier ho. Kaninen vart funnen i området der ho sette frå seg bilen.

Gøymer seg under bilar

Gjennom helga budde kaninen i eit bur på dyrebutikken på Moa. – Vi har blitt veldig glade i han. Vi kallar han Nokas, seier Eva Cathrine Asbjørnsen ved Zoo-1.

– Han heiter Houdini, fortel Sandra Veddeng Raknes. Kaninen høyrer til i nabolaget hennar i Langevåg, der han ofte gøymer seg under bilane. No tar ho jobben med å frakte kaninen heim.

Kaninen Houdini på frifot

NYSGJERRIG: Houdini lever livet i storbyen, men kjøpesenteropphaldet vart kort.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det er ei historie til å le av. Det er utruleg at ein kanin kan vere med ein bil i to mil på denne måten, seier ho.

Ho trur han har funne seg ein plass under eit deksel ved motoren, og blitt med på handletur.

Kaninen Houdini på frifot

LYKKELEG SLUTT: Houdini får reise heim til Langevåg.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På dyrebutikken blir kaninen lagt oppi ei pappkasse, og så er det slutt på kjøpesentereventyret. No blir det ein ny køyretur. Langhelga i Ålesund er over.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL