Høie om sjukehusstriden: – Ei politisk krevjande sak

Helseminister Bent Høie omtalar striden om plasseringa av eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal som ei politisk krevjande sak. Men han avviser igjen at han har instruert nokon i valet av sjukehustomt.

Helseminister Bent Høie (H)

Helseminister nekter for at han skal ha instruert nokon om val av sjukehustomt.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Helseministeren har frå fleire hald blitt kritisert for å tvinge gjennom ei avgjerd i saka, trass i mange og sterke krav om utsetjing. Dei siste månadene har tre leiarar i dei to helseføretaka gått frå stillingane sine, og mange meiner det difor er sådd tvil om det er godt nok grunnlag for å ta ei avgjerd.

Til NRK seier Høie at han meiner innbyggjarane i Møre og Romsdal fortener at saka no blir avgjort.

– Dersom styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge kjem med sine avgjerder onsdag og torsdag, vil eg ta mi avgjerd fredag, seier Høie til NRK.

Betent strid

Striden om plasseringa av det nye fellesjukehuset har vore ei betent sak mellom byane Kristiansund og Molde i fleire år. Helse Midt-Norge si innstilling om at sjukehuset skal ligge i Molde har sett sinna i kok på Nordmøre. Høie har blitt skulda for å ha blanda seg inn i prosessen ved å gi til kjenne kva for alternativ han ønskjer.

Kritikken har mellom anna kome frå Høgre sitt lokallag i Kristiansund som har skulda statsråden for å ha brote lova ved å styre utanom dei formelle møta i føretaket. Høie har fleire gongar avvist at han har gitt instruksar om plassering.

– Har du sagt kvar du ønskjer at sjukehuset skal ligge?

– Som eg har sagt før har eg ikkje instruert nokon, eg har samtalar med styreleiarane i det regionale føretaket, både den gamle og den nye, som eg har samtalar med alle styreleiarar i dei regionale helseføretaka jamleg. Det er i tråd med god eigarstyring, seier Høie.

Du seier du ikkje har instruert, men har du sagt kva du ønskjer?

– Eg har ikkje instruert nokon om å legge ei løysing til grunn. Det er ei likeverdig utgreiing av dei tre alternativa, og når styra har tatt sine avgjerder, vil eg gjere det same, seier Høie.

Fekk spørsmål i spørjetimen

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) har stilt spørsmål til statsråden om sjukehussaka.

Foto: Bernt Sønvisen

Saka har denne veka også vore tema i Stortinget sin spørjetime. I eit svar til stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet, skriv Høie at han har hatt opplever saka som politisk krevjande.

I spørsmålet sitt viste Klinge til uroa som har vore i helseføretaka den siste tida. Ho ba statsråden svare på om han hadde teke kontakt med styret i Helse Midt-Norge og bede dei leggje eitt av tomtealternativa til grunn for arbeidet med sjukehusstruktur.

I svaret viser Høie til at tomtealternativa er greidd ut på like vilkår. Statsråden skriv vidare at han har hatt samtalar med styreleiar, slik han meiner er naturleg i ei så viktig sak. Han skriv også at saka er så viktig at det er naturleg at han har eit aktivt forhold til denne.

«Saken er politisk krevende og det er naturlig at jeg er orientert på en slik måte at jeg er i stand til å ta de beslutninger som det er forventet at jeg tar», skriv Høie.

Han understrekar vidare at det er dei faglege råda som skal vere avgjerande, og at han gjennom prosessen har fått ein kunnskap og gjort vurderingar om kva han trur er ei samfunnsteneleg løysing.

«Jeg har imidlertid vore klar på at prosessen med de faglege vurderingane skulle gjennomførast utan at jeg skulle bidra til å påverke disse», skriv Høie.

Har tillit til prosessen

Til NRK seier Høie at han har tillit til prosessen, men at han gjerne skulle unngått uroa som har vore den siste tida, og ikkje minst kritikken frå partifellene på Nordmøre.

– Eg skulle gjerne vore forutan at mitt eige parti kjem med påstandar om lovbrot, men eg var førebudd på at dette ville bli ei krevjande sak, seier Høie.

– Det er ei oppfatting hos mange på Nordmøre at di regjering vil vere opptatt av å legge eit sjukehus til høgrebastionen Molde. Kva er din kommentar til det?

– Det som er viktig i denne saka er at det er det faglege grunnlaget som skal leggast til grunn for den avgjerda styra skal ta. Eg er spent på å høyre kva for argument styra vil vektlegge når dei presenterer sine vedtak.

Held fast på vedtak i løpet av veka

Onsdag legg styret i Helse Møre og Romsdal fram sitt vedtak i saka. Styret i Helse Midt kjem med sitt vedtak torsdag, før helseministeren etter planen tar den endelege avgjerda fredag 19. desember.

Høie seier saka skal avgjerast i eit føretaksmøte fordi han ikkje ønskjer å gå frå ansvaret i saka eller å skjule seg bak helseføretaka sine avgjerder.

– Veit du no kva for løysing du vil annonsere fredag?

– Det er avhengig av kva konklusjon dei to styra kjem med. Det vil vere grunnlaget for mi avgjerd, saman med den gode utgreiinga som er gjort om tomtealternativa, seier Høie.