Høie grip ikkje inn

Helseminister Bernt Høie (H) ga ingen signal om at han vil gripe inn mot nedlegging av fødetilbod i Kristiansund eller andre sparetiltak da han svara på heile tre spørsmål frå Senterpartiet om dette i spørjetimen i Stortinget i dag.

Høie viser til at nedlegging er faglig begrunna og at det både er rett og nødvendig i overgangen til eit felles sjukehus. Helseministeren kritiserte kommunane som bryt samarbeidsavtalane og viser til at dei har plikt til å inngå nye avtalar straks dei gamle opphøyrer. Stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp) seier at helseministeren ikkje tar bekymringane frå kommunane på alvor, og Senterpartiets Per Olaf Lundteigen seier til NRK at Høie køyrer over folk og viser ingen teikn på at han lytter.

Helseminister Bent Høie (H)
Foto: Stortingets nett-TV